Kva skule skal dykkar barn gå på?
Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til (nærskuleretten).
Føresette kan søkja om å få barnet sitt inn ved ein annan skule enn nærskulen (skulebyte).
Det er kommunen som avgjer kva skule barna skal gå på. Skulen/kommunen vil senda vedtak om tildeling av skuleplass til føresette med barn som er i skulepliktig alder. Dette skjer normalt i perioden oktober til desember året før eleven skal starta på skulen. Vidare vil føresette bli invitert til møte om innskriving i grunnskulen.
Kommunen har utarbeidd ei rettleiande forskrift om skulekrinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune | Lovdata. Skuleplass vil bli tildelt i tråd med forskrifta.
Kart over skulekrinsgrense (pdf)
Når elevane skal fordelast på dei ulike skulane, skal fordelinga skje i samsvar med nærskuleprinsippet. Kommunen må på kollektivt grunnlag vurdera kva buområde som ligg nærast dei forskjellige skulane. Det kommunen har kome fram til etter ei kollektiv vurdering, vil likevel ikkje alltid samsvara med kva skule som er nærast for enkelte elevar/elevgrupper. I nærskuleprinsippet ligg det også at det skal gjerast ei særskild og individuell vurdering i høve til den enkelte elev. Kommunalt fastsette grenser mellom skulane er ikkje meint å vere absolutte. Les meir om nærskuleprinsippet nedanfor.
Om du ikkje er einig med kommunen/skulen i kva som er nærskulen, kan du klaga på vedtak om tildeling av skuleplass. Rettleiing om klageadgang vil følgja vedtak om tildeling av skuleplass. Les meir om nærskulerett nedanfor.
Nærskuleprinsippet / nærskuleretten
Elevar i grunnskulen har ein lovfesta individuell rett til å gå på nærskulen. Dette gjeld også elevar som har trong for individuelt tilrettelagt opplæring. Denne retten følgjer av opplæringslova § 2-6 første ledd første pkt., der det står at elevane:
«Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole»
Utdanningsdirektoratet seier at det i høve nærskulerett kan leggjast vekt på kapasitet ved skulen når det vert dokumentert at ein skule er full. Ein skule er full i nærskuleprinsippet sin forstand når elevtalet har nådd ei viss grense – skjønnsmessig, pedagogisk og bygningsmessig. Med eit slikt maksimumstal som bakgrunn, må kommunen fordela dei øvrige elevane på andre skular på ein forsvarleg og likeverdig måte, anten ved forskriftsregulering og/eller ved handsaming av enkeltsaker.
Om retten til å gå på annan skule enn nærskulen (skulebyte)
Nokon ønskjer å gå på ein annan skule enn nærskulen eller ønskjer å fortsetja ved same skule etter at elev har flytta til ny skulekrins.
Stord kommune praktiserer ikkje «fritt skuleval». Unntaksvis kan ein elev etter søknad takast inn på annan skule enn den eleven soknar til. Sjå kva omsyn vi byggjer avgjerda vår på nedanfor. Ei avgjersle om skulebyte ligg innanfor kommunen sitt frie skjønn. Vedtaksmynde ligg hos kommunalsjef.
Eit slikt vedtak, anten søknaden vert innvilga eller avslått, er eit enkeltvedtak som skal følgja forvaltningslova sine formkrav. Avgjerd ligg innanfor kommunen sitt frie skjønn. Søknaden må likevel handsamast etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar. Dette inneber mellom anna forbod mot usakleg skilnadsbehandling.
Rett til å gå på annan skule enn nærskulen er regulert i opplæringslova § 2-6, 2. ledd og forskrift om rettleiande skulekrinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune § 3-5.
Omsyn ved avgjerd av søknad om å gå på annan skule enn nærskulen
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn, jf. opplæringslova § 10-1.
I tråd med forståing av barnekonvensjonen, tilseier «eit grunnleggjande omsyn» at elevens beste ikkje er det einaste og heller ikkje alltid det avgjerande omsynet. Samtidig viser «grunnleggjande» til at omsynet til elevens beste ikkje berre er eitt av fleire moment i ei heilskapeleg vurdering, men eit omsyn som skal ha stor vekt. Dersom det er andre omsyn som speler inn, må elevens beste vegast opp imot desse. Det skal mykje til for at andre omsyn kan gå føre elevens beste.
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning, jf. opplæringslova § 10-2.
Ein føresetnad for skulebytte er at skulen har kapasitet til å ta imot eleven. At skulen eleven søkjer seg til har kapasitet, er ikkje tilstrekkeleg aleine.
For søknad skal innvilgast skal det føreligga særlege omsyn. Elevar kan få innvilga skuleplass utanfor skulekrinsen når dette kan grunngjevast med at:
- Elev har sysken ved skule utanfor skulekrinsen
- Eleven har særskilte behov av sosial karakter
- Eleven har særleg farleg skuleveg og vil få tryggare skuleveg ved skuleplass utanfor skulekrinsen
- Eleven har flytta ut av krinsen og ønsker å fortsetja skulegangen for å oppretthalda sosiale relasjonar. Omsyn vert vektlagd i dei høve der byte ikkje utløyser behov for skuleskyss
Sjå forskrift om rettleiande skulekrinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune § 3-5.
Kapasitet kan svinge mellom trinn. Det kan vere manglande kapasitet på eit trinn, men ikkje på eit anna. Vi stiller ikkje krav om at skulen eller klassen skal vere full, men tar høgde for tilflyttingsplassar. Kapasitet går ikkje berre på talet elevar, men kan òg vurderast ut i frå spesielle behov/ressurskrevjande høve ved klasse/trinn.
Klage eller søknad
Er du ueinig i kommunen si vurdering av kva som er eleven si nærskule, kan du klaga på vedtak om tildeling av skuleplass. Kva som er eleven sin nærskule kan du lesa meir om ovanfor. Frist for å klaga går fram av vedtaket. Klage sendast kommunen ved å logge seg inn på «Visma Foresattportalen» foresatt.visma.no/stord.
Innhald i klagen:
- Kva skule eleven ønskjer å gå på
- Grunngjeving for kvifor barnet skal ha nærskulerett til annan skule enn den som følgjer av skulekrinskartet (Sjå kva me vektlegg under avsnittet "Nærskuleprinsippet/nærskuleretten)
Kommunen gjer ei ny og individuell vurdering av kva som er nærskulen til eleven. Om klagen ikkje vert tatt til følgje, sendar kommunen klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Søknad om å gå på annan skule enn nærskulen
Kva må søknaden innehalde?
- Grunngjeving for skulebytte (Sjå kva me vektlegg under avsnittet "Om retten til å gå på annan skule enn nærskulen")
Kor sender/leverer eg søknaden?
Klage sendast kommunen ved å logge seg inn på «Visma Foresattportalen» foresatt.visma.no/stord.
Eg treng hjelp til å skriva søknaden
Du kan ta kontakt med oss for rettleiing eller hjelp til å skriva søknaden. På grunn av kapasitetsomsyn bør du gjere avtale med sakshandsamar på førehand.
Sakshandsmingstid
Kva er sakshandsamingstida på søknad om skulebyte?
Svar: Kommunen har plikt til å handsama saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Merk: søknad om å gå på annan skule enn nærskulen vert ikkje handsama før vedtak om nærskulerett er endeleg avgjort. Dette fordi kommunen må sikra at alle elevar med nærskulerett først.
Førehandsuttale
Eks: Du skal kjøpa hus på adresse x, dette ligg i skulekrins A. Du ønskjer at barnet ditt skal gå på skule i krins B. Før du kjøper ønskjer du derfor vita om du vil få samtykke til skulebyte/samtykke til at elev kan fortsetja ved same skule trass flytting ut av skulekrinsen.
Svar: Stord kommune kan ikkje gje førehandsuttale om utfall av vedtak. Me gjev berre rettleiing om kva reglar og praksis vi har. Det er her likevel verdt å merka seg at Stord kommune ikkje har fritt skuleval. Dette inneber normalt at elevar må gå på sin nærskule. Kommunen kan gjera unntak i særlege høve. Sjå meir om kva omsyn vi byggjer slike avgjerder på.
Høve til å klaga
Du kan klaga både på vedtak om kva skule eleven høyrer til og vedtak om skulebytte til annan skule enn nærskule. Sjå tidlegare avsnitt om klage på tildeling av nærskule.
Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket.
Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føra opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunna gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdera om det er grunn til å endra det.
Klage sendast kommunen ved å logge seg inn på «Visma Foresattportalen» foresatt.visma.no/stord