Kulturskulen si songundervisning
Undervisninga er organisert i smågrupper eller individuelt. Undervisninga er i Stord kulturhus.
Anbefalt aldersgrense er frå 4. trinn og eldre.
Songundervisninga er under kjerneprogrammet og undervisninga legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnerisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk øving.