Friplass vert tildelt etter søknad med vedlagd likningsattest, samt opplysningar om skatteklasse. Eventuelle endringar i situasjonen etter dette må dokumenterast.
Det kan søkjast om friplass for elevar i Stord kulturskule når netto skattbar inntekt i familien er kr 400 000,- eller mindre.
Det kan i utgangspunktet søkjast om 1 friplass pr. elev.
Det må søkjast om friplass for eitt og eitt skuleår (ved tildelt friplass for vårsemesteret, må det søkjast på nytt til hausten).
Søknadsfrist er 15. desember, som gjeld plass i vårsemesteret og 1. august, som gjeld plass i haustsemesteret.
Det skal nyttast søknadsskjema for å registrera kva tilbod eleven ynskjer å bli elev i kulturskulen på. Skriv gjerne i merknadsfeltet at ein søknad om friplass vil bli sendt inn. Søknadsskjemaet om friplass er eit tillegg til den ordinære søknaden om elevplass i kulturskulen.
Du kan søkja om friplass ved å nytta skjema under. For å opna skjemaet, må du logga på med id-porten (t.d. bankid/bankid på mobil). Når du er logga inn, kan du mellomlagra skjemaet, logga av og finna det att når du loggar på att.
Har du spørsmål, ta kontakt med kulturskulen på tlf. 53 49 69 05, send e-post til kulturskulen eller ta ein tur innom kontoret vårt i 2. etasje i Stord kulturhus.
Du kan få hjelp til å fylla ut søknadsskjemaet ved å ta kontakt med kulturskulen sitt kontor.