Piano og kyrkjeorgel
Undervisninga i piano og kyrkjeorgel er i smågrupper eller individuelt.
Pianondervisninga er i Stord kulturhus, undervisning i kyrkjeorgel er lagt til Nysæter kyrkje.
Elevar på piano må ha instrument heime.
Anbefalt aldersgrense på piano er frå 2. klasse og oppover. For kyrkjeorgel anbefalar kulturskulen frå 4. klasse og eldre.
Kulturskulen har også tilbod om LAP-TOP, dette tilbodet er for elevar frå 12 år og eldre og søkjar må ha eige utstyr. Ta kontakt med kulturskulen for nærare informasjon, tlf. 53 49 67 98
All instrumentalundervisinig er under kjerneprogrammet og undervisninga legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnerisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk øving.