Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope eller lukka arrangement)

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Generelt

Nyting av alkohol på offentleg stad er forbode, også sjølv om det ikkje vert teke betaling for alkohol, jf. alkohollova § 8-9.

Ein må søka om skjenkeløyve for eitt enkelt høve om ein skal ha eit arrangement som er ope for publikum i eit lokale utan skjenkeløyve, eller utandørs på eit avgrensa område.

Om styrar og reservestyrar har bestått kunnskapspørve i alkohollova for skjenkeverksemd, opnar skjenkeløyve for innkjøp engros, jf. alkohollova § 1-4c.

Tenesteomtale

Skjenkeløyve for eitt enkelthøve:

Ein må ha kommunalt skjenkeløyve for eitt enkelthøve dersom ein ønskjer å skjenka ut alkoholhaldig drikke:

  1. i lokale med serveringsløyve,
  2. i lokale som til vanleg er tilgjengeleg for ålmenta,
  3. i forsamlingslokale eller andre felleslokale,
  4. på anna stad der offentlege møte, festar, utstillingar eller andre tilskipingar finn stad,
  5. på gate, torg, veg, i park eller på annan offentleg plass,
  6. på skip, fly, tog, buss eller annan innanriks transportmiddel for ålmenta.

Ambulerande skjenkeløvye:

Dersom ein skal ha eit private samkome kan det i staden søkjast om ambulerande skjenkeløyve. Det er likevel nokre arrangement som ikkje oppfyller lova sine vilkår til lukka lag, til dømes:

  • Vanlege medlemsmøte i eit lag eller ei foreining
  • Samkome for idrettslag, klubbar, organisasjonar e.l.
  • Studentfestar, russearrangement e.l.
  • Kundekveldar, mat- og vin-kurs, kunstutstillingar, VIP-arrangement
  • Arrangement som har avgrensa tilgang – med t.d. påmelding, men kor det ikkje føreligg ei naudsynt tilknyting til den/dei som inviterer.

Målgruppe

Skjenkeløyve for eitt enkelthøve gjeld for dei som ønskjer å skipa til eit ope arrangement  med utskjenking av alkoholhaldig drikk, i eit lokale, eller på eit uteområde, utan fast løyve til dette.

Stord kommune har laga ein Arrangementsportal med rettleiing og tips til deg som ønskjer å skipa til ein festival, ein konsert eller anna offentleg arrangement i eit lokale eller på eit uteområde.

Sjå: Arrangementsportalen

Ambulerande skjenkeløyve, gjeld for t.d. bursdag, bryllaup o.l. der den som skipar til arrangementet eller samkome har ein personleg tilknyting til dei som vert inviterte.


Søknad om løyve:

Søknad om skjenkeløyve skal sendast inn på elektronisk skjema på Stord kommune si heimeside:

Alkohol - søknad om skjenkeløyve ope arrangement (enkelt, bestemt høve)

Alkohol - søknad om skjenkeløyve for lukka selskap (ambulerande)

 

Kriterium/vilkår

Ved søknad om skjenkeløyve for eit enkelthøve må løyvehavar, før søknaden vert handsama  administrativt, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:

  1. Målsett teikning med tydleg markering av sals- eller  skjenkearealet
  2. Godkjent leigekontrakt/skøyte
  3. Beskriving av internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8, jf. guide til god internkontroll etter alkohollova og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, nedst på rettleiingssida deira.
  4. For enkelthøve, større arrangement, må løyvehavar ha dokumentasjon på gjennomført ansvarleg vertskapskurs eller kunnskapsprøve i alkohollova, jf. alkohollova § 1-7c.
  5. - Stadfesting av innmelding av arrangementet til Stord brann og redning
    - Stadfesting av innmelding av arrangementet til Sør-Vest politidistrikt

For å bidra til å skapa eit trygt og godt uteliv, vert det lagt til grunn for vedtak om skjenkeløyve at løyvehavaren gjer seg kjent med, og ivaretek sine plikter gjeve med heimel i politilova § 11, og forskrift om politivedtekter for Stord kommune, Vestland ved gjennomføring av tilbod/arrangement.

 

For å sikra at løyvehavaren overheld alkoholregelverket og utøver løyve forsvarleg, gjeld følgjande vilkår:

  1. Meir enn 100 gjester: Ved arrangement med meir enn 100 gjester, skal det vera oppnemnd både ein styrar og ein reservestyrar for skjenkeløyvet
     
  2. Store offentlege arrangement: Ved store offentlege arrangement skal både styrar og reservestyrar ha godkjent kunnskapsprøve i alkohollova for skjenkeverksemd. Det kan etter ei særskild og heilskapleg vurdering gjerast unntak dersom styrar og reservestyrar har gjennomført ansvarleg vertskapskurs.
     
  3. Forsvarleg utøving: Ved offentlege arrangement med meir enn 100 gjester skal det til ei kvar tid vera ein ansvarleg tilstades med kunnskapsprøven for skjenkeverksemd, eller ansvarleg vertskapskurs.
     
  4. Arrangement for barn og unge: Ved kulturarrangement som også er retta mot barn og unge, skal arrangementet utøvast i samsvar med forskrift om politivedtekt i Stord kommune § 7-3, og det skal vera tydelege alkoholfrie soner.
     
  5. Lokale med aktivitetar for barn og unge: For å sikra gode og alkoholfrie soner i lokale med aktivitetar for barn og unge, kan det berre bli gjeve løyve til alkoholservering når det ikkje går føre seg aktivitetar retta mot barn og unge i lokalet. Det skal heller ikkje gå føre seg utskjenking av alkohol i skjenkelokalet, ein time før, og ein time etter arrangementet.
     
  6. Vakthald: Det kan bli sett vilkår om vakthald. Dette vil gå fram i vedtak om løyve.
     

Pris for tenesta

Gebyrsatsen for skjenkeløyve i Stord kommune til ein kvar tid i samsvar med alkoholforskrifta § 6-2.

Lover

Sjå alkohollova §1-6 andre ledd, kapittel 4, samt § 8-9 

Alkoholforskriften
Alkoholloven

Saksbehandling

Sakshandsaminga av søknader etter alkohollova vil nødvendigvis ta noko tid etter som fleire høyringsinstansar skal uttala seg før endeleg avgjerd kan takast.

Saksbehandlingstid

  • Enkelthøve for eit ope arrangement - inntil 8 veker
  • Ambulerande skjenkeløyve for ei privat samkome - inntil 2 veker

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontakt

Telefon: 53496600
Avdeling: Fellestenester

Tenesta oppdatert: 27.11.2024 09:28