Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Salsløyve for alkohol

For å kunne selje alkohol i butikk må du søkje kommunen om salsløyve.

Generelt

Faste salsløyve blir tildelt for inntil fire år om gongen, og det kan i tillegg bli gjeve salsløyve for eit enkelthøve, t.d. marknad.

Tenesteomtale

Salsløyve er løyve til å selja alkohol frå butikk. Løyvet er knytt til ein særskilt løyvehavar, eit spesifikt salslokale, ein styrar og ein eller fleire reservestyrarar.

Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til salsløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringar.

Eit salsløyve gjeld for alkoholgruppe 1; frå 2,5 til 4,7 volumprosent alkohol.

Kriterium/vilkår

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. Styrar og reservestyrar for løyvet må i tillegg ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova for salsverksemd, vere over 20 år, arbeide i verksemda, som hovudregel i 100% stilling. 

Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova.

Ved søknad om førstegongs salsløyve må løyvehavar, før søknaden vert handsama politisk, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:

  1. Målsett teikning med tydeleg markering av skjenkearealet
  2. Godkjent leigekontrakt/skøyte
  3. Beskriving av verksemda si internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8, jf. Guide til god internkontroll etter alkohollova og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, som ligg nedst på rettleiingssida deiar. tilpassa eiga verksemd og konsept: 
  4. Dokumentasjon på at styrar og reservestyrar er fast tilsette i verksemda
  5. Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve

Løyvehavar skal til ein kvar tid oppfylle dei krava som er sette i alkohollova, anna alkoholregelverk, og dei vilkår som er set i løyvevedtaket.

Pris for tenesta

Gebyr for skjenkeløyve i Stord kommune er til ein kvar tid i samsvar med alkoholforskrifta § 6-2.

Salgsbevilling for alkohol (Helsedirektoratet)
Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet

Lover

Sjå spesielt
Alkohollova §§ 1-3, 1-6, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Alkoholpolitiske retningsliner

Alkoholforskriften
Alkoholloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Saksbehandling

Når kommunen har motteke søknad og naudsynt dokumentasjon, blir det henta inn uttale frå politiet, sosialtenesta og skatte og avgiftsmynde. Tildeling av løyve følgjer av kommunen si retningsline for tildeling av løyve i perioden. 

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida for salsløyve kan ta inntil 4 månader, jf. alkohollova § 1-11.

Sakshandsamingstida gjled frå den dato me har motteke all naudsynt dokumentasjon frå søkjar.

Høve til å klage

Kommunen sitt vedtak skal alltid vera grunngjeve. Dersom du ikkje er einig i kommunen sitt vedtak kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Grunngi kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Om du treng rettleiing kan du ta kontakt med avdeling fellestenester.

Kontakt

Fellestenester

Tlf. 53 49 66 00

Tenesta oppdatert: 05.04.2021 14:08

Skjema

Tjenester

Lenker

Lover og forskrifter