Alle med sals- og skjenkeløyve må betale eit årleg løyvegebyr til kommunen og pliktar derfor å sende inn ei omsetningsoppgåve ved årsskiftet med opplysningar om:
- faktisk omsett mengde alkohol i året som har gått
- forventa mengde omsett alkohol i året som kjem
Løyvegebyret er basert på forventa mengde omsett alkohol, dvs. jo meir alkohol du budsjetterer med å selge, jo høgare blir gebyret.
Kommunen utfører etterrekneskap og etteroppgjer. Dette betyr at gebyret vert korrigert ut frå faktisk omsetning i fjor, og forventa omseting inneverande år. Du får skriftleg informasjon om utrekna forskotsbetaling med grunngjeving for utrekning, og med høve til å gje attendemelding. Faktura vert sendt ut i mai-juni.
Ved opphøyr eller sal av verksemda må du sende omsetningsoppgåve så snart du har dei endelege omsetningstala.