På Stordøya har det budd folk lenge. Det er funne spor etter fangstfolk både i Fitjar-øyane og i Djupadalen. Desse spora er datert 9500 år attende. Kulturlandskapet kan såleis fortelja oss om ulike driftsmåtar i tidlegare tider. Samstundes er det ein viktig del av kvardagen vår og eit grunnlag for næringsverksemd.

Kulturminner i landbruket

Kommunedelplanen er delt i ein kulturminneplan og ein bygningsvernplan. Planen gir ein geografisk oversikt som gir innblikk i historisk bakgrunn for utvilinga. Det er eit utval av kulturminna som er tatt med i planen. Det er med andre ord mange verdifulle kulturminne som av ulike grunnar ikkje har fått plass

Her finn du kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø for Stord kommune.

Kystlynghei

Kystlynghei er menneskeskapt beitemark, dominert av røsslyng (Calluna vulgaris), ein næringsrik og vintergrøn dvergbusk som blomstrar i purpurraude fargar på seinsommaren. Kulturlandskapet er avgrensa til havnære område med milde vintrar som gjer gode forhold for vinterbeiting. Kystlynghei er ope og trelaust med innslag av grashei, myr og ope berg og må skjøttast med beiting og sviing. Dette er den eldste kulturlandskapstypen i Europa og strekkjer seg frå Portugal i sør til polarsirkelen i nord. Kystlynghei reknast i dag som ein utrydningstrua kulturlandskapstype. Noreg har med sin lange kyst dei største førekomstane med kystlynghei i Europa og har difor eit spesielt ansvar for denne kulturlandskapstypen.

Utfordringar for område med kystlynghei

Fråvær av beitedyr og skjøtsel vil føre til at dei opne kystlyngbeita gror att og områda vert skogkledde. Lauvtre spreier seg og etablerer seg i grov og gamal lynghei. Sitkagran, er eit framand treslag som og vart planta Fitjarøyane frå 50 talet. Grana vekst godt i kyst-Noreg og spreier seg ukontrollert i lyngheia. Der det er lågt eller ingen beitepress vert det snart granskog. Konklusjonen er difor at sitkagran ikkje er foreinleg med kystlynghei.

Kva gjer me for å møta desse utfordringane?

Naudsynte tiltak:

  • Auke bruk av lyngbete med fleire beitedyr og sviing.
  • Fjerne og hindre spreiing av sitkagran.
  • Tilbakeføre gammel og attgrodd lynghei ved rydding, beiting og sviing.

Les meir: 

Kystlynghei i Fitjarøyane

Kystlyngheiene i Norge

Tilskuddsordning for utvalgte naturtyper

Sitkagran

Sitkagrana vart fyrst planta på 1960-talet, og har sidan vakse seg stor og spreidd seg på ein måte som infiserer tradisjonell kystlynghei. Treslaget er difor blitt eit stort problem for kulturlandskapet.

Skal lyngheia ivaretakast for framtida må ein fjerne all sitkagran og unngå at spirer i jorda får utvikle seg til nye tre som reprodusere seg. Fokus på å ivareta lyngheiane har auka, og fleire grunneigarar har vist interesse for fornying av kystlyng med verkemidlar som fjerning av sitkagran og sviing av lynghei.

Det er har vert eit prosjekt for fjerning av sitkagran i Fitjarøyane, og SFLMK har utarbeida prosjektplanen. Desse finn du nede på sida.

Kontakt oss

Aase Nøttveit

Tlf: 53 45 85 48

Send e-post