Tilgong og brukarkontroll
- Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarerane har lest informasjonstryggleikshandboka og IT reglementet og skriv under desse.
- Einingsleiar har ansvar for å melda inn nye brukarar til systema og melda desse ut når dei sluttar. Meldingane skal sendast til IKT-eininga på eigne skjema. Skjema for innmelding, utmelding og endring ligg i helpdesken: http://helpdesk.
- Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarane har tilgong til systema dei har tenesteleg behov for.
- Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarane sine tilgongar i system og program er begrensa til det dei har tenesteleg behov for.
- Einingsleiar skal sørga for at medarbeidarane sine tilgongar til system og data opphøyrer når tilsetjingsforholdet opphøyrer.
Sensitive opplysingar
Einingsleiar er ansvarleg for å sikra at medarbeidarane er kjend med og følger rutinar for kommunikasjon av sensitive personopplysingar og andre sensitive opplysingar i fagsystema.
Bruk og kjøpa av IKT utstyr og programvare/lisensar
Alt IKT-utstyr skal kjøpast gjennom IKT-eininga. Berre utstyr som er godkjend av IKT-eininga skal koplast til nettverket, jf. IT instruks Stord kommune
Opplæring av tilsette
- Einingsleiar er ansvarleg for at tilsette gjennomgår nytilsettopplæringa, kjenner til og les informasjonstryggleikshandboka og andre retningsliner og rutinar.
- Einingsleiar er ansvarleg for at den tilsette får tilstrekkeleg opplæring i dei fagsystema som skal brukast.
Når tilsett sluttar
Einingsleiar er ansvarleg for å melda ut tilsett som databrukar. Dette skal gjerast ved bruk av utmeldingsskjema som ligg i IKT brukarstøtte. Skjemaet skal nyttast både ved sluttmelding av databrukar og når databrukarar skal ut i lagvarig permisjon.
Einingsleiar er også ansvarleg for innsamling av nøklar og ID-kort.
Avvik
Einingsleiar har ansvar for at alle i verksemda kjenner til korleis avvik skal registrerast i Stord kommune sitt avvikssystem, Compilo. Dette skal gjerast med ein gong etter at avviket er oppdaga. Einingsleiar har ansvar for å iverksetja tiltak og vurdera rutinane som resultat av avvikshandsaminga.
I Compilo finn du prosedyre for korleis melda avvik både i pdf og video - føl lenke her