Stord er byen som byr på vakre naturopplevingar med sjø og fjell på alle kantar, eit rikt kultur- og idrettsliv, eit pulserande og aktivt samfunn og eit variert utval innan handel. Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, ligg i nydelege omgjevnader på Rommetveit og tilbyr bachelor-, master- og forskarutdanningar. 

Øya er knutepunktet midt i regionen Sunnhordland, i munninga av Hardangerfjorden. Industri- og næringslivet er stort, har lange røter og satsar framtidsretta.

Sentrum i Stord heiter Leirvik, lokalt kalla Vikjo. Monumentet Storddøra glitrar i sola og ønskjer alle velkomne som kjem sjøvegen inn til Leirvik hamn. Storddøra er eitt av mange kunstverk i sentrum.

Båtturistar kjem gjerne til gjestehamnene som ligg i Leirvik, Sagvåg og på Huglo. Det er mange restaurantar å velja mellom og fleire uteplassar både på Leirvik og i Sagvåg. 

Stord er landfast i sør via Trekantsambandet og det går hurtigbåtar og ferjer til aust og nord. Bergen–Stord tek under 2 timar, Stavanger–Stord litt meir.

Det er rundt 19000 innbyggjarar i Stord kommune og innbyggjarane kallar seg stordabuar. 

Velkomen skal du vera.

Korleis er det å flytta hit?

Bli kjend med fine folk i Sunnhordland. Kvifor dei valde Sunnhordland som bu og arbeidsplass, og kva ser dei på som bra med regionen. Les historiane til innflyttarar (buisunnhordland.no)

Stord kommune har integrasjon mot folkeregisteret og får automatisk opp om ny eigar på hus i kommunen. Du treng ikkje melda frå til oss. 

Dersom du har flytta til kommunen og det ikkje er boss-dunkar på eigedomen kan du tak kontakt på 53 49 66 00 eller på www.sim.no 

Ansvarleg for straumnettet i Stord kommune er Haugalandkraft

Bu sentralt med kort veg til naturopplevingar

Leitar du etter det gode liv og ein ny plass å bu? Sunnhordlandsregionen har mykje å by på | buiSunnhordland.no  Bustad til sals i Stord | FINN Eiendom

Andre stader kan vera i lokalavisa Sunnhordland - sunnhordland.no, eller hos dei lokale eigedomsmeklarane. 

Studentar kan søkja studentbustad på Bolig (sammen.no)

Overnatting

Overnattingplassane er mange og varierte. På øya Stord finn du mellom anna hotell med historisk sus, campingplassar og tretopphytte, og på øya Huglo kan du oppleva glamping eller leiga deg ei hytte. 

Hotell - Fjord Norway

Hytter og feriehus - Fjord Norway

Unik overnatting - Fjord Norway

Overnatting og besøk øya Huglo

Glamping på Myrvold Gård | Camping | Huglo | Norway (visitnorway.no) Myrvold Gård - HANEN.no

Gjestehamner

Ein kommune i vekst

Trenger verksemda di betre plass eller har du ein spanande gründeridé? Atheno – Næringsutvikling i Sunnhordland

I Stord kommune er tilsette våras viktigaste ressurs. Her finn du informasjon om korleis det er å jobba hos oss, samt ledige stillingar

Ein god oppvekst

Eit godt oppvekstmiljø betyr mykje. Me kan tilby 19 barnehagar i Stord kommune, og eit skuletilbod med godt utval av barne-, ungdomsskular, vidaregåande skule og høgskule. 

Søkja om barnehageplass

Til oversikt over barneskulane

Stord vidaregåande skule

HVL - Høgskulen på Vestlandet

Kultur, idrett og friluftsliv

Kommunen vår har ein fantastisk beliggenhet ved kysten og i tillegg tilgong til vakker natur i innlandet. Me har to bibliotek, kulturskule, fritidsklubbar og symjehall. 

Om du vil læra meir om lokalhistoria, tek du turen innom Sunnhordland museum, gruvene på Litlabø eller Stord maritime museum.

Det er dagsturhytte både på Utslettefjellet og ved Stovegolvet. Høgaste punktet på øya er Mehammarsåto (749 moh) som ligg ca. midt på øya. Både her og frå Stovegolvet (703 moh) er utsikta flott. DNT-hytta på Stovegolvet har ei spektakulær 360 graders utsikt. 

Det er mange fine turstiar på Stord, både i fjellet og langs sjøen. Du kan velja mellom strender ved sjø eller vatn.

Les om kultur, idrett og fritid

Oversikt over kva som skjer på Stord

Sjå film frå Stord

Utsletteslottet 

Dagsturhytta vår vart opna i november 2022 og er mykje nytta av både lokale og eksterne turgåarar. Sagvåg Bygdalag passar på at alt er i orden her oppe. Fantastisk og fin tur som høver for både store og små. Sjå film frå dagsturhytta vår på Utslettefjellet i Sagvåg:

 

Stord har mange friviljuge

Sunnhordlandsfilmen

Film om helsetenestene våre

Aktivitetsparken "Gropo" 

Aktivitetsparken, som heiter Gropo, var offisiell opna 10.06.22. Filmen handlar om korleis parken vart til og inneheld intervju med både born og vaksne. Du får også sjå born som skatar og utvøver parkour. Parken er eit resultat av "16, ka no?" prosjektet som er ein del av Program for folkehelsearbeid i Vestland der Stord kommune har sett på korleis ein kan betre overgangsfasen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Gjennom dette arbeidet har dei utvikla tiltak i skulen, i den kommunale støttetenesta, i heimen og på fritidsarenaene til ungdommen. Eit av tiltaka er utvikling av aktivitetspark i sentrum av Leirvik som sosial møteplass for ungdom. 

 

BlimE dansen til Stord kommune