dronebilete av bygga på høgskulen
Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: Falkeblikk AS

Høgskulen på Vestlandet

british flag English

Høgskulen på Vestlandet har fem campusar – i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. 

Meir informasjon finn du på: HVL - Høgskulen på Vestlandet og Sammen | Studentsamskipnaden på Vestlandet

Jobba mens du studerer

Finn ledig stillingar og les om Stord kommune som arbeidsgjevar, her

Søk om å bli vikar innan pleie og omsorg

Søk om å bli vikar i skule

Søk om å bli vikar i barnehage

Bli trainee hos oss

Jobb for student og nyutdanna - HVL Jobbsøkeportal (studentpavestlandet.no)

Bonusavtalar

Kommunen har bonusavtalar til sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som tar vakter i løpet av året. 

  • For 1. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 15 000.
  • For 2. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 20 000.
  • For 3. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 25 000. Studentar som går direkte frå fullført studentavtale etter 6 semester og over til fast stilling i Stord kommune, får ein ekstra bonus på kr 15 000.

Vilkår: utdanning fullført i henhold til normert tid. Studentstadfesting frå studiestad må leggjast fram.

Studenten forpliktar seg til å arbeida minimum 20 dagar i avtaleperioden, samt 5 veker om sommaren. 4 av dei 20 dagane skal vera på helg i sommarperioden. Delar av beløpet vert utbetalt ved kontraktinngåing og resten ved kontraktslutt. Ved fråvær vert ikkje arbeidde helger/veker teke med. Det er faktisk utført arbeid avtaleperioden som tel.

Bli kjent i regionen

Mingel (mingel-event.no) - eit arrangement der du kan treffa hyggelege lokale og andre nyinnflytta, og få praktisk informasjon om alt frå kvar du kan eta til kvar du skal gå på tur.

Det er månedleg - og gratis!

Velkommen!

Helsetenester

Studentar har rett til dei same helsetenestene som andre innbyggjarar.

Helsestasjon

helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Her er også lege. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Målgruppa er ungdom opp til 20 år og studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Opningstid er onsdagar frå kl 18.00 til 20.00. Helsestasjon for ungdom følgjer skuleruta, og held stengt i sommarferie, haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie.

Fastlege

Alle studentar bør ha fastlege på den staden dei bur mesteparten av tida. Difor oppfordrar Stord kommune til at du finn deg ein fastlege her. Du kan fritt velja mellom fastlegar som har ledig kapasitet på listene sine. Fastlege finn du på Helsenorge.no.

Barnehageplass

Om du treng barnehageplass finn du søknadsskjema og informasjon her: barnehageinformasjon

Stord kommune har 100 % barnehagedekning.

Kultur og underhaldning

Folkefest

Kvar juni er det Folk i sentrum. Ein folkefest over 4 dagar. Sjå innhald og program her: Folk i sentrum (folk-i-sentrum.no)

Kulturhus

Midt i Leirvik sentrum ligg Stord kulturhus med bibliotek, kino, teater, konsertar, utstillingar, med meir.

De får same pris som born/honnør på kino om måndagar. De får også honnørpris i symjehallen i kulturhuset.

Kunst

Det finst fleire kunstgalleri på Stord. I Leirvik sentrum er det to salsgalleri, i tillegg har fleire kunstnarar private galleri heime. 

I kunstdatabasen vår kan du sjå bilete av utandørs kunstverk og finne plasseringa.

Uteliv

På utestadane kan du få med deg quizkonkurransar, konsertar, dans og liknande. Det finst ein eigen sundagsjam som går føre seg ein gong i månaden utanom sommarsesongen. Enkelte restaurantar og hotell kan og tilby dans og musikk.

Museum

Sunnhordland Museum arrangerer aktivitetar som til dømes omvising, forteljarstund, strikkekafé og framsyningar for barn og vaksne. www.sunnhordland.museum.no  

Du får studentrabatt: Prisar - Sunnhordland Museum

Meir informasjon

Meir informasjon om Kva som skjer på Stord finn du på: aktivitets- og arrangementsoversikten vår

Sport og fritid

Lag og organisasjonar

I Stord er det over 400 lag og organisasjonar som tilbyr mange ulike  fritidsaktivitetar. 

Til lag og foreiningar 

Til aktivitets- og arrangementsoversikt

Idrettsanlegg

Det største idrettsanlegget ligg på Vikahaugane med banar for fotball, friidrett, tennis, handball og sandvolleyball. Her er også kunstisbane: Stord IL Skeise

I Sagvåg finst fotball- og friidrettsbane, klatrehall, parkouranlegg og sandvolleyballbane. IL Solid - Rein glede

I Prestagardsskogen er det pistolskytebane, sandvolleyballbane, fleirbrukshall og utandørs anlegg for fotball.  Trott - Trott IL 

Symjehall

I Stord kulturhus er det symjehall med 25 m basseng, barnebasseng, badstove og vassklie. Ved Stord rehabiliteringssenter er det varmtvannsbasseng. Meir om desse anlegga her:

Symjehallen i kulturhuset
Varmtvassbasseng i Rehabililteringssenteret

Andre anlegg

I området ved Fjellstova er det lysløpe for skiidrett. Stord har også motocrossbane, fleire skytebanar, bowlingarena, lysløyper og eit nett av skogsvegar og turstiar.

Lån fritidsutstyr gratis

Stord kommune har utlånsstaden BUA der studentane kan låna utstyr gratis. Utlånsordninger | BUA

Kollektivtransport

Her kan du finna informasjon om ulike transportselskap, ruter og rutetider.

Lokale bussruter
Lokale ferjeruter
Ferjer langs E-39
Snøggbåtar
Kystbussen Bergen-Stavanger
Flybillettar Stord-Oslo
Taxi - Leirvik Taxi AS, tlf 53 49 50 00 / Stord Taxisentral, tlf. 07000