Velkomen som jobbsøkjar
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd», og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har i overkant 19.000 innbyggjarar.
Stord kommune sin visjon er «Saman om utvikling og velferd». Visjonen symboliserer vilje til å yta noko ekstra hjå både folkevalde, leiarar og medarbeidarar, og at kommunen skal stå fram på ein positiv måte når det gjeld samarbeid og utvikling.
Verdiane open, nyskapande, respektfull og brukarorientert skal for alle tilsette og politikarar kome til utrykk i tankar og haldningar ein har i tenesteytinga, konfliktløysing, samhandling internt; brukarar, elevar, pasientar, foreldre osv. og eksternt; andre kommunar, næringsliv, organisasjonar osv. Å etablere felles verdiar handlar om å trekkje i same retning, bidra til å holda blikket mot overordna mål og definere kva kulturtrekk me ønskjer å leggje til grunn for alt arbeid i kommunen.
Bonusavtalar for studentar
Søk om å bli vikar innan pleie og omsorg
Søk om å bli vikar i barnehage
Jobb for student og nyutdanna - HVL Jobbsøkeportal (studentpavestlandet.no)
Bonusavtalar
Kommunen har bonusavtalar til sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som tar vakter i løpet av året.
- For 1. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 15 000.
- For 2. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 20 000.
- For 3. årsstudentar er det total mogleg bonus i avtalen på kr 25 000. Studentar som går direkte frå fullført studentavtale etter 6 semester og over til fast stilling i Stord kommune, får ein ekstra bonus på kr 15 000.
Vilkår: utdanning fullført i henhold til normert tid. Studentstadfesting frå studiestad må leggjast fram.
Studenten forpliktar seg til å arbeida minimum 20 dagar i avtaleperioden, samt 5 veker om sommaren. 4 av dei 20 dagane skal vera på helg i sommarperioden. Delar av beløpet vert utbetalt ved kontraktinngåing og resten ved kontraktslutt. Ved fråvær vert ikkje arbeidde helger/veker teke med. Det er faktisk utført arbeid avtaleperioden som tel.
Trainee hos oss
I Stord kommune har me oppretta fem trainee-stillingar for nyutdanna sjukepleiarar og vernepleiarar med oppstart i august 2024. Ordninga gjeld også for sjukepleiarar/vernepleiarar som vart utdanna i 2022 - eller for kortare tid sidan.
Stord kommune har som mål at ein slik stilling skal gjera deg som nyutdanna, godt rusta til helsetenester som pasientar og brukarar treng i kommunen vår.
Trainee-stillingane går over to år i eining for rehabilitering, helse og omsorg (RHO). Aktuelle einingar som ordninga omfattar er Stord sjukeheim, Knutsaåsen omsorgssenter, Habilitering, Psykisk helse og rusomsorg.
Søknadsfrist er 30. november 2024 Til søknadsskjema: ID 2121 Traineestillingar for autoriserte sjukepleiarar og vernepleiarar - RHO einingane - arbeidsplassen.no (nav.no)
Kontaktperson
Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane
Tlf. 924 86 358
Lærling hos oss
Som lærling hos oss inngår du lærekontrakt og tar delar av utdanninga i ein eller fleire av kommunen sine arbeidsstadar. Lærlingar har rettigheiter og plikter som andre arbeidstakarar. Du har rett til å få den opplæringa som er fastsett i læreplanen, men også plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid. Læretida vert avslutta med ein fagprøve.
Stord kommune er ein godkjent læreverksemd innan fleire fag
Me kan tilby
- lærekontraktar og opplæringskontraktar
- mellombels tilsetjing i Stord kommune som lærling/lærekandidat i to år
- lønn under utdanning
- trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- leiarar med fagleg pedagogisk bakgrunn, dyktige instruktørar og rettleiarar
Du kan søkja læreplass i Stord kommune dersom du er elev med
- to år på yrkesfagleg studieretning og med rett til treårig vidaregåande utdanning
- bestått tverrfagleg eksamen på VG1 og VG2
- lite fravær og bestått i alle fag.
Kommunen prioriterer søkjarar innan helsearbeiderfaget og med heimeadresse i Stord. Elevar som høyrer til andre kommunar, kan søkja læreplass og vil få tilbod dersom det er ledig kapasitet. Dette gjeld også elevar som har brukt opp retten sin på treårig videregåande opplæring.
Søknadsfrist: 1. mars.
Likestilling, inkludering og mangfald
Minoritetsbakgrunn
Stord kommune oppfordrar personar med minotitetsbakgrunn til å søkja stillingar dei er kvalifisert for. Innanfor fleire tenesteområde i kommunen er det behov for språk- og kulturkompetanse. I tillegg så kan auka mangfald vera med på gi andre og betre løysingar, og vera med på å skapa utvikling av organisasjonen. Som arbeidsgjevar er kommunen opptatt av å tiltrekkja seg rett kompetanse i forhold til kvalifikasjonane som vert etterspurt i utlysingstekstane.
Nedsatt funksjonsevne
Stord kommune oppfordrar også personar med nedsett funksjonsevne til å søkja stillingar dei er kvalifisert til. Ei tilsetjing forutsett at kommunen kan tilretteleggja slik at ein blir satt i stand til å gjera jobben ein er tilsatt til. Som arbeidsgjevar er kommunen opptatt av å tiltrekkja seg rett kompetanse i forhold til kvalifikasjonane som vert etterspørt i utlysingstekstane.
Hovedmål for arbeid med likestilling, inkludering og mangfold i Stord kommune
- Alle medarbeidarar i Stord kommune skal ha same betingelsar og like moglegheiter
- Det skal vera nulltoleranse for mobbing, trakassering og diskriminering
- Leiarar skal ha fokus på likestilling, inkludering og mangfald
Likestilling, inkludering og mangfald er ein forutsetning for at verksemda vår er ein god arbeidsplass for alle å jobba i. Alle menneske, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion eller livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet deltar med sine ressursar. I Stord kommune skal medarbeidarane bli møtt med respekt, og som menneske med sine unike forutsetningar, ressursar og behov, uansett bakgrunn – og våre medarbeidarar skal møta innbyggjarane og brukarane i kommunen på lik måte.
Stord kommune har ein bevisst rekruttering for å oppnå ein speiling av innbyggjarane blant medarbeidarane, sikra kjønnsbalanse og hindra diskriminering. Alle har like moglegheiter til tilsetjing uavhengig av nedsett funksjonsevne, der det er mogleg å tilretteleggja. Medarbeidarane i Stord kommune skal ha same lønsbetingelsar, moglegheiter for opprykk og fagleg utvikling og same moglegheit for interessante oppgåver uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion eller livssyn, funksjonsevne eller seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.
Karriere og utvikling
Stord kommune er ein stor organisasjon med varierte tenester og oppgåver innafor ulike fagområde. Som tilsett i kommunen har du derfor gode moglegheiter til personleg, fagleg og yrkesmessig utvikling. Me har tilbod om kurs og opplæring for tilsette på ulike nivå, og innafor ulike fagfelt i organisasjonen.
Stord kommune ser på godt leiarskap som grunnlaget for gode leveransar av kommunen sine tenester. Me har derfor stort fokus på leiarutvikling, leiingspraksis og leiingssystem.
Kommunen sin organisering
Stord kommune er organisert med 7 kommunalområder, og kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar.
Jobbmoglegheiter i dei ulike kommunalområda:
- Rehabilitering, helse og omsorg
- Kultur, oppvekst og utdanning
- Plan, regulering og byggesak
- Tekniske tenester
- Brann, redning og feiing
- Økonomi, innkjøp og rekneskap
- HR, IKT og utvikling
Kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk
Arbeidsgjevarstrategien gjev retning for korleis kommunen skal prioritera i det vidare arbeidet med personalpolitikk, rekruttering og organisasjonsutvikling, og skal vera eit overordna styringsdokument fram mot 2025.
Arbeidsgjevarstrategien byggjer på arbeidsmiljølova og hovudavtalen sine mål om samarbeid og medverknad. Partane har utvikla strategien i samarbeid.
Dei tre strategiane kompetent leiing, rett kompetanse og helsefremjande arbeidsplassar viser kva Stord kommune vil prioritere å jobbe med og vera gode på framover for å nå mål med arbeidsgjevarstrategien.
Oppfølging av strategien er eit felles ansvar. Eit godt samspel mellom leiarar og medarbeidarar, og mellom administrasjonen, folkevalde, tillitsvalde og vernetenesta, er ein føresetnad for å nå måla med strategien.
Personalgoder, lønn og arbeidsforhold
Lønn, pensjon, lån og forsikring
Alle tilsette i Stord kommune er omfatta av hovudtariffavtalen (HTA). HTA er den viktigaste tariffavtalen i KS-området med bestemmelser blant anna om lønn og godtgjeringar, lokale forhandlingar, arbeidstid og pensjon. Hovudtariffavtalen og kommunen sine lønnsutviklingsplan gir lønnsplassering.
Som tilsett i Stord kommune er du medlem av KLP sin pensjonskasse, som har en av markedets beste pensjonsordninger. Pensjonsordningen vert i hovudsak dekka av arbeidsgjevar og kjem i tillegg til ordinær lønn.
Som medlem i KLP sin pensjonskasse har du også mulighet til å få lån og forsikring med gunstige vilkår.
Lærarane er medlem i Statens Pensjonskasse.
Som medarbeidar i Stord kommune er du forsikra mot skader og ulykker i arbeidet.
Forsikringen omfatter gruppelivsforsikring, yrkesskade - og ulykkesforsikring. Ulykkesforsikringen gjelder også på fritida.
Arbeidstid
Det finst ulike arbeidstidsordninger i Stord kommune, avhengig av dei tenester og oppgåver som skal utførast. Dette er dei som vert oftast brukt:
- Som hovudregel er gjennomsnittleg vekentleg arbeidstid 37,5 timar. Dette gjeld for tenester som kan gjennomførast med dagarbeidstid.
- Vekentleg arbeidstid på 35,5 timsr gjelde i turnusordninger der ordinært arbeid må utførast mellom kl. 20.00 og kl. 06.00 og/eller minst kvar tredje søndag og ved døgnkontinuerleg skiftarbeid.
- Vekentleg arbeidstid på 33,6 timar gjeld for heilkontinuerlig skiftarbeid eller i samanlikningsbare turnusordningar.
Lærarane har eigen arbeidstidsavtale.
Fleksitid
Som tilsett i Stord kommune er det høve til å nytta ei fleksitidsordning der forholda ligg til rette for det. Dette gjelder hovudsakeleg stillingar der arbeid vert utført på dagtid. Med fleksibel arbeidstid kan den enkelte sjølv styra arbeidstida innafor gitte rammer.
Arbeidsmiljø
Stord kommune ser på helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMT) som eit sentralt innsatsområde for å sikra eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø for kommunen sine medarbeidarar, samt for å oppnå ein rasjonell og effektiv teneste- og serviceproduksjon til kommunen sine innbyggjarar.
Kommunen budsjetterar velferdsmidlar for å betre- og ivareta arbeidsmiljøet.
I Stord kommune gjennomføre me årlege leiar- og medarbeidersamtalar for alle kommunen sine tilsette. Medarbeiderundersøking vert gjennomført anna kvart år og vert følgt opp i kvar enkelt avdeling.
Bedriftshelseteneste
Stord kommune er ei IA-bedrift og har ein strategisk partnerskapsavtale med NAV.
Stord kommune har avtale om kjøp av bedriftshelseteneste frå Falck AS. Bedriftshelsetenesta kan bistå innanfor følgjande hovudområde:
- systematisk HMT arbeid
- sjukefråvær
- arbeidshelse
- ergonomi
- psykososialt arbeidsmiljø
- fysisk, biologisk og kjemisk arbeidsmiljø
- rus og avhengigheit
- krisehandtering
- kurs
Velferdsklubben Ve og Vel
Klubben har som føremål å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune, m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.
Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmer same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmer ved å betala kontingent. Medlemsskapet er friviljug. Inn og utmelding skal skje skriftleg.
Heiltidskultur
Stord kommune arbeidar aktivt for å tilby tilsette heiltidsstillingar.
Å gi tilsett tilbod om heile stillingar er viktig for å skapa kontinuitet, stabilitet og pasienttryggleik for tenestemottakarar i alle aldrar. Det å ha heile stillingar er og eit viktig rekrutteringstiltak.
Stord kommune har i følgje KS (PAI-registeret) litt høgare heiltidsandel blant turnustilsette innan helse og omsorg (29,8%) enn nabokommunane, men her har me samstundes eit stort utviklingspotensiale. Kommunen har arbeidd aktivt med dette over tid. Det er laga ein eigen rapport som synleggjer utfordringane med stort omfang av deltid og tiltak knytt til dette. Kommunen er godt i gang med fleire av tiltak.