Flyktningetenesta buset overføringsflyktningar eller flyktningar som har budd på asylmottak. Dei vert busett i kommunale eller private bustader.
Hovudarbeidsoppgåver
- Organisera, tilretteleggja og busetja så mange flyktningar som politikarane til ei kvar tid har bestemt
- Gjennomføra og følgja opp introduksjonsordninga i samarbeid med andre tenester i NAV og Vaksenopplæringa
- Vera bindeledd mellom flyktningane og andre offentlege tenester.
- Koordinera/tinga tolk,oversetja dokumenter
- Driva informasjon utad, mot kommunale instansar, utdanningsinstitusjonar, friviljuge organisasjonar, politikarar og publikum
- Samarbeida med UDI sentralt og med IMDI regionalt
- Gje råd og rettleiing om tilbakevending til heimlandet
Overordna mål og målgrupper
- at Flyktningetenesta sitt arbeid skal letta integreringsprosessen for flyktningane
- at alt flyktningarbeid skal føra til mobilisering av eige ansvar, og vera hjelp til sjølvhjelp, slik at flyktningane vert sjølvstendige deltakarar i samfunnet
Målgrupper
- Flyktningar som kommunen har avtale med IMDI (Ingrerings- og mangfaldsdirektoratet) om å busetja
- Flyktningar som har rett og plikt til Introduksjonsprogram
- Flyktningar og innvandrar med opphaldsløyve, og som er busette i Stord
- Offentlege tenester som arbeider opp imot flyktningar og innvandrarar
Samarbeidspartnarar
- UDI – sentralt
- IMDI - regionalt
- Statlege og fylkeskommunale kontor
- NAV -tenester: arbeid, trygd, sosial-økonomirådgjevning-husbank
- Andre kommunale tenester og institusjonar i vår kommune
- Flyktningtenester i nabokommunar
- Fagleg forum for flyktningearbeidarar (FFKF)
- Lag og organisasjonar
- Det private næringsliv
- Tolketenester
- Asylmottak kringom i landet