Kva er besøksheim?

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak, der ein heim tek imot eit barn/ein ungdom eller eit søskenpar, ei eller fleire helgar per månad. Besøksheimen må ha ein stabil livssituasjon, og ha moglegheit for å vera besøksheim over litt lengre tid. For at ein skal kunne ver besøksheim, må ein ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn/ungdom.  

Korleis bli besøksheim?

Fyll ut søknad om å bli besøksheim. Besøksforeldre må framlegga uttømmande og utvida politiattest. Ordinær politiattestvert krevd av husstandsmedlemmar som er over 18 år.  

Etter at søknaden og gyldig politiattest er motteke, tar barnevernet kontakt og avtalar eit  heimebesøk. Når familien er godkjent, tar kontaktpersonen i barneverntenesta initiativ til eit møte for å gi meir informasjon om oppdraget, og skrive kontrakt. Oppdragsavtale vert skrive med eitt års varigheit, og inneheld blant anna tiltak og mål.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å snakka med nokon om å bli besøksheim, kan du ta kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, mottakstelefon 975 52 163.

Godtgjersle for besøksheim

Besøkshjem er oppdragstakarar og får arbeidsgodtgjersle og utgiftsdekning etter KS (kommunesektorens organisasjon) sine satser. Kjøregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.

Ressursperson fritid/fritidskontakt

Kva er ressursperson fritid? 

Nokon barn/ungdom trong hjelp for å kunne koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Fritidskontakten kan bidra til å gi ei mier meningsfull fritid, og opplevingar. Fritidskontaktar får timebetalt av kommunen. Aktivitetar kan vera for eksempel å kjøra tur, gå på tur, delta på fritidsaktivitetar, gå på kino, i svømmehallen, bowling, fiska, eller laga mat ilag.

Korleis bli fritidskontakt?

Søkjar må leggja fram politiattest, du må vera over 18 år, ha ein stabil livssituasjon og ha høve til å binda deg til oppdraget over minst eitt år. Dersom du er spurt om å vera støttekontakt for ein person du kjenner, kan du vera 16 år, og i kortare tid enn ett år.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å snakka med nokon om å bli fritidskontakt, kan du ta kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, mottakstelefon 975 52 163.

Godtgjersle for fritidskontakt

Som støttekontakt får du timebetalt etter oppdrag. Som støttekontakt er du oppdragstakar, og har ikkje dei same rettigheitane som vanlege tilsette har. Me anbefalar derfor ikkje at det å vera støttekontakt er hovuedinntekta di. Du får ikkje sjukepengar, og du kan ikkje bruka eigenmelding når du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar i tillegg til timebetalinga.

I tillegg får du dekka utgifter til køyring og enkelte andre utgifter du blir enig med kommunen om.

Støttefamilie

Støttefamilie er utvida nettverk for familiar som treng litt ekstra støtte i kvardagen. Ein støttefamilie kan vera mykje det same som ein besøksheim, men forskjellen er at heile familien er involvert. Når ein er støttefamilie, kan det innebera å ha med seg foreldre og barn på aktivitetar som kan føre til at dei får eit større nettverk, blir integrert i samfunnet og kan delta på aktivitetar og liknande. Støttefamilien kan bidra med støtte til utvikling av språk, forståing av lokalsamfunnet, sosial kontakt og vera ein støtte til at foreldre og barn som treng det, får ein betre kvardag.  

Korleis bli støttefamilie?

Fyll ut søknad om å bli besøksheim. Besøksforeldre må leggaj fram uttømmande og utvida politiattest. Ordinær politiattest vert krevd av husstandsmedlemmar som er over 18 år.  

Etter at søknaden og gyldig politiattest er motteke, tar barnevernet kontakt og avtalar eit hjemmebesøk. Barnevernet vurderer saman med familien kva barn som passar hos dei.

Når familien er godkjent, tar kontaktpersonen i barnevernstenesta initiativ til eit møte for å gi mer informasjon om oppdraget og skriva kontrakt. Oppdragsavtalen varer i eitt år, og inneheld blant anna tiltak og mål.  

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å snakka med nokon om å bli støttefamilie, kan du ta kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, mottakstelefon 975 52 163.

Teieplikt

Alle som er i oppdrag for barnevernstenesta har teieplikt og alle må signere. Teieplikten gjelder ikkje ovenfor barneverntjenesten eller helse- og velferdskontoret. Hvis du er usikker, kan du spørre kontaktpersonen din.

Vertsfamilie

Aktuelle ungdommar for vertsfamilie er mellom 16-20 år og har behov for oppfølging. Har du ein godkjent utleigebustad i tilknyting til din eigen bustad, og du har litt ekstra omsorg å gje til ein ungdom som skal bu for seg sjølv, då ønskjer me at du tek kontakt.

Oppfølginga som vertsfamilie kan handla om organisering av hybel, matlaging og sosialt samvær, handleturar, og andre aktivitetar både heime og i nærområda. Oppfølging i arbeidet med ungdommane vil skje i tett samarbeid mellom ungdommen, kontaktperson i barnevernstenesta og vertsfamilien. I tillegg vert det laga eigne husreglar i samarbeid med ungdommen, vertsfamilie og barnevern.  

Vertsfamilien har oppfølging av ungdommen inntil 20 timar i måneden. Vertsfamilien vil motta rettleiing og oppfølging frå barnevernstenesta.  

Krav til bustad

Hybelen eller leiligheiten som ein leiger ut må vera ein sjølvstendig bueining tilknytt eigen bustad, som for eksempel ein sokkelleiligheit. Den må vera godkjent og ha normalt god standard. Det er ønskjeleg med møblerte bustadar.

Oppdragsavtalen

Før ein inngår oppdragsavtale skal barnevernstenesta ha motteke uttømmande politiattest og teiingserklæring.

Vertsfamilien mottar arbeidsgodtgjersle og utgiftsdekning for oppdraget/rolla dei har.

Barnevernstenesta inngår oppdragsavtale med vertsfamilien som vert godkjent. Avtalen vert skrive normalt for 12 måneder, med 1 månads gjensidig oppseiingstid. Det er fullt mogleg å forlenga oppdraget/vertsfamilieoppdraget, dette vil bli vurdert fortløpande ut frå ungdommen sitt behov i samarbeid med ungdommen, vertsfamilien, og barnevern.  

Vertsfamilien mottek også husleige for hybelen dei leiger ut. Husleigekontrakten vert skrive mellom huseiger og barnevernstenesta fram til ungdommen er 18 år. Oppseiingstida er 1 månad gjensidig oppseiing, og depositumsgaranti vert stilt av barnevernstenesta fram til ungdommen er 18 år. Husleige, godtgjersle og utgiftsdekningen vert utbetalt kvar månad.  

Korleis blir eg vertsfamilie?

Du må senda ein søknad til barnevernstenesta, bruk gjerne same skjema som for besøksheim . Vertsfamilien må gjennom ein godkjenningsprosess, der blant anna teiingserklæring må signerast, og politiattest må leggast fram.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å snakka med nokon om å bli vertsheim, kan du ta kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, mottakstelefon 975 52 163.