Har du spørsmål om betaling av faktura?
Kontakt rekneskap på telefon: 53 49 66 00 (sentralbordet) eller e-post: rekneskap@stord.kommune.no. Opningstida er kvardagar frå 09.30-14.30.
Har du betalt for mykje i eigedomsskatt eller kommunale gebyr? Då betalar me tilbake det du har tilgode. Pengane får du inn på same konto som du betalte frå.
Har du spørsmål om innhald på faktura eller utrekning av beløp i faktura?
Spørsmål som gjeld feil ved fakturert teneste eller utrekning av beløp rettar du til fagavdelinga (eininga) som har levert tenesta.
Betala faktura med eFaktura eller AvtaleGiro
Med eFaktura mottar du faktura frå Stord kommune rett i nettbanken. Du finn fakturaen som PDF-vedlegg. Du bør opna og kontrollera fakturaen før du godkjenn betalinga.
Du kan kombinera eFaktura og Avtalegiro. Då vert betalinga trekt automatisk frå kontoen ved forfall. Du treng ikkje godkjenna fakturaen i nettbanken.
eFaktura: «Ja takk til alle/JTTA» / Alltid eFaktura - ofte stilte spørsmål
Stord kommune har endra utsendinga av eFaktura etter banken sin nye løysing. Det betyr at alle som ønskjer å motta eFaktura må gi ein generell aksept for dette. Avhengig av bank eller betalingsapp blir dette kalt «Ja takk til alle» (JTTA) eller Alltid eFaktura.
Les meir: Informasjon om endringane hos eFaktura
Dette kan ha betyding for deg som mottar faktura frå Stord kommune, anten du gjer det på vegne av deg sjølv eller andre. No vil du også få purring i nettbanken, om du gløymer å betala ein faktura.
Tidligare fekk eg eFaktura, men no mottar jeg ikkje lenger faktura i nettbanken
For å få faktura i nettbanken må du inngå avtale om «Ja takk til alle»/Alltid eFaktura» i nettbanken eller i betalingsapp.
Tidlegare var det mogleg med eFakturaavtale på faktura adressert til andre enn deg sjølv. eFaktura vart sendt til den som hadde registrert eFakturareferansen i nettbanken. Som følgje av personvernforordningen GDPR, er dette endra. Med «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» vil alltid den som er oppgitt som fakturamottaker vera den som får fakturaen presentert i nettbanken.
Kvar vert fakturaen min sendt dersom eg ikkje har «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» avtale?
Dersom du ikkje har «Ja takk til alle» blir fakturaen sendt i posten.
Kvifor får eg AvtaleGirofakturaen i posten?
Dette er fordi du berre har avtale om AvtaleGiro, og ikkje samtykka til «Ja takk til alle»/Alltid eFaktura» i nettbanken eller i betalingsapp.
Eg har ikkje fått eFaktura frå kommunen tidlegare, men no kjem fakturaen i nettbanken min?
Dersom du har inngått «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» i ein annan betalingsflate, for eksempel nettbanken eller Vipps, vil du få eFakturaen i nettbanken.
Kan eg fortsatt motta eFaktura på vegne av andre?
Tidlegare var det mogleg med eFakturaavtale på faktura adressert til andre enn deg sjølv. eFaktura vart sendt til den som hadde registrert eFakturareferansen i nettbanken. Som følgje av personvernforordningen GDPR, er dette endra. Med «Ja takk til alle»/«Alltid eFaktura» vil alltid den som er oppgitt som fakturamottaker vera den som får fakturaen presentert i nettbanken.
Fleire bankar tilbyr løysingar for å motta og godkjenna eFaktura på vegne av andre. Ta kontakt med banken din.
Eg har fått varsel om eFakturarekning frå kommunen, men får ikkje sett den i nettbanken eller i Vipps-appen?
Det kan oppstå forseinking mellom varsling og når faktura blir tilgjengelig i betalingsflata, vent til neste dag og ta ein ny sjekk av bankkonto.
Faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt
Det blir sendt ut faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt 12 gonger per år. Forfall er 20. i kvar månad.
Om du ikkje betalar rekninga di vil du få purring og det vert rekna gebyr og renter.
For ubetalte eigedomsavgifter og festeavgifter har kommunen legalpant i eigedomen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom.
Øvst på side 1 på fakturaen får du opplyst kva månad fakturaen gjeld for.
Har du kjøpt eller solgt eigedom, vil me motta eigarskiftemelding om dette frå Kartverket. Me sender faktura til den som er registrert som eigar den dato me oppdaterer eigarforholdet mot Kartverket.
Har me sendt faktura til gamal eigar og den ikkje blir betalt ved forfall, vil kravet blir overført på eigarskiftefaktura til ny eigar og på ny eigar sitt kundenummer og KID referanse.
Betalingsutsetjing
Dersom du av ulike årsaker har behov for betalingsutsetjing, kan du ta kontakt med oss og inngå betalingsutsetjing eller betalingsavtale på eit krav. Ta kontakt på telefon: 53 49 66 00 (sentralbord) eller på e-post: rekneskap@stord.kommune.no - oppgje kunde- eller fakturanummer. Ikkje skriv personopplysingar i e-posten.
Du må betala forseinkingsrente frå fakturaen forfaller fram til kravet er betalt, sjølv om du har betalingsutsetjing.
Vergefullmakt når du opptrer på andre sine vegne
Dersom du representerer ein annan person i kraft av å vera verge, må du senda vergefullmakt. Mandatet i vergefullmakta vil gi deg som verge høve til å kommunisera med rekneskap i saker som gjeld den personen du er verge for.
Senda inn skifteattest
Er du pårørande og skal senda inn skifteattest til Stord kommune kan du senda den sikkert via eDialog