Kva er det eg betalar for gjennom dei kommunale avgiftene? Svar: Gjennom dei kommunale avgiftene betaler du for vatn, avlaup, renovasjon og feiing.
Kor mykje må eg betala i kommunale avgifter? Svar: Kva du betaler varierer frå abonnent til abonnent. Sjekk kommunale avgifter og gebyr eller kontakt med Eining for tekniske tenester.
Kor ofte betalar eg kommunale avgifter? Svar: Kvar månad.
Eg har seld leiligheten/huset mitt. Kva gjer eg med dei kommunale avgiftene? Svar: Ta kontakt med Svein Erik Vinje på svein.erik.vinje@stord.kommune.no
Eg har kjøpt hus/leilighet. Kva skjer med dei kommunale avgiftene? Svar: Dersom tidlegare eigar ikkje har meldt frå, kan du sjølv ta kontakt med Eining for tekniske tenester ved Svein Erik Vinje på svein.erik.vinje@stord.kommune.no
Huset står tomt, og eg nyttar ikkje renovasjonsordninga. Må eg likevel betala dei kommunale avgiftene? Svar: Fritak frå dei kommunale avgiftene vert gitt i særkilte tilfelle. Kontakt Svein Erik Vinje ved eining for tekniske tenester for å høyra om du tilfresstiller krava for å få fritak. Han er å treffa på telefon: 975 52 204 eller e-post: svein.erik.vinje@stord.kommune.no