british flag English version

Sjå elles nettsida FjordNorway for turistinformasjon om Sunnhordlandsregionen.

Stord kulturhus

Stord kulturhus finn du bibliotek, kino og symjehall. 

Stord kulturhus har tilgjengeleg brosjyrar og kart over Sunnhordland og Stord. I same hus finn du biblioteket der det er pc og wifi tilgjengeleg, og du kan få hjelp til å finna fram buss- og båtruter.

Hamnegata 1, 5411 Stord. 
Telefon: 53 49 69 66
Kino - basseng - bibliotek

Opningstider, program og billettar på nettsida

Lån av utstyr

BUA STORD
Hamnegata 20, 5411 Stord

På BUA kan ein låna utstyr til ulike aktivitetar innan sport og friluftsliv gratis.
 

Reserver på nettsida og hent/ lever i opningstida.

Aktivitetar

Aktivitetspark
Ved Stord kulturhus finst det aktivitetspark for parkour, skating og petanque.

Badeplassar
​​Det er fine badeplassar i Sponavikjo, Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.
Sjå Stord - Friluftsrådet Vest (frivest.no) for meir informasjon.

Klatring
Stord Tinde- og klatreklubb har klatrefasilitetar både utandørs og innandørs.
Sjå Stord Tinde- og Klatreklubb – Klatring på Stord (stokk.org) for meir informasjon.

Stolpejakt
Stolpejakta går ut på å finna sentralt plasserte stolpar enten ved hjelp av app eller kart.
Last ned app på Stolpejakten - stordorientering

Turløyper
Det er mange gode turløyper i nærleiken av Leirvik hamn, til dømes Ådlandsvatnet, Landåsen, Hystadmarkjo og Gullberg.
Sjå nettsida UT.no
 

Kunst og kulturminne

Det er mykje spennande kunst å sjå på Stord.
På nettsida stord.nkdb.no finn ein oversikt over kommunal kunst og kvar du kan sjå denne.

Kulturminnesøk (kulturminnesok.no) finn ein informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap og kvar desse ligg.

Transport

Byen har svært gode høve for samferdsel med effektive kollektivsamband til resten av regionen:
- Mellom Stavanger, Haugesund og Bergen går ekspressbussen Kystbussen | Buss Bergen, Haugesund, Stavanger | Bestill reise (nor-way.no)
- Hurtigbåt mellom Bergen, Bergen lufthavn og andre tettstadar i Sunnhordland med Skyss
- Ferje- og lokalbussruter finn du på Skyss

Museum

Gruvemuseet på Litlabø | Geopark Sunnhordland
Gruva 11, 5415 Stord

Opningstider
3. juli - 11. august: onsdag-søndag kl 10:30 - 16:30
Omvisningar kl 11:00, 12:30 og 14:30.

Bestill på Gruvemuseet si nettside.


Sunnhordland museum
Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Opningstider sommarsesong
18. juni – 18. august: tysdag til søndag 11:00 - 16:00

Opningstider elles i året
Tysdag–fredag kl. 09:00 - 15:00

Sjå Sunnhordland museum sine nettsider.


Stord Maritime Museum
Nattrutekaien 21, 5411 Stord

Les meir om Stord maritime museum