Alkohol og servering

Kunnskapsprøve om alkohollova: Kr 400
Skjenkeløyve, tidsavgrensa: Kr 340
Skjenkeløyve for alkoholgruppe1, 2 og 3: Min. kr 4 800
Salsløyve alkoholgruppe 1: Min. kr 1 540
Servering, etablerarprøve: Kr 400
Serveringsløyve, søknad om: Ikkje gebyr

Barnehagar

Tre dagar pr. veke: Kr. 2 162 pr. månad. obs! Frå 01.08.19 kr 2 198 per månad.

Fem dagar pr. veke: Kr. 2 990 pr. månad. obs! Frå 01.08.19 kr 3 040 per månad.

Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.

Søskenmoderasjon

Stortinget har vedteke nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer to og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre. Dersom søsken går i ulike barnehagar i Stord kommune (t.d. privat og kommunal) gjeld same reglar for søskenmoderasjon.

Spesialpedagogisk hjelp

Spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 19 A i Barnehagelova skal det ikkje betalast for. 

Økonomisk støtte

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om økonomisk støtte til barnehageplass. Det er særskilde retningsliner for dette.Les meir om å søkja økonomisk støtte til barnehageplass her.

Andre opplysningar

  • Rekning på barnehageplass vert sendt ut frå Stord kommune. Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri. Private barnehagar fakturerer sjølv.
  • Fråtrekk for langvarig og alvorleg sjukdom hos barn kan søkjast om til leiar i barnehagen der barnet går. Leiar/styrar gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast på, jfr. Forvaltningslova.

Eigedomsgebyr

Kommunale eigedomsgebyr for vanleg bustad (61-200 m2)

Vassavgift Årsavgift vanleg bustad kr 4 536
Vassavgift Tilknytingsavgift kr 25 000
Avlaupsavgift Årsavgift vanleg bustad kr 4 316
Avlaupsavgift Tilknytingsavgift kr 25 000
Slamtømming Årsavgift bustad (4 m3) kr 576
Slamtømming Årsavgift fritidsbustad (4 m3) kr 300
Renovasjon Standard løysing SIM kr 2 018
Renovasjon Kommunal eigendel kr 50


Eigedomsgebyr for andre bygningsgrupper

Vass- og avlaupsavgift

Avgiftene er gruppert etter bygningsgrupper i nasjonalt register for bygningar (GAB) og Norsk standard (NS) 3457. Avgifta vert berekna ut frå bruksareal, per bustadeining. Avgifta er todelt med ei abonnementsavgift og ein variabel del for kvar bustadeining. For dei som har vassmålar vert den variable delen rekna etter målar/stipulert forbruk. Alle prisar er eksklusive MVA.

Bygningsgrupper

  • 11. Einebustad
  • 12-14 Tomannsbustad, rekkehus, større bustadbygg
  • 15 Bygning for bufellesskap, bu- og servicesenter, studentheim o.l.
  • 16-17 Hytte/fritidshus og tappepunkt
  • 18, 21-44 Industri/næringsdrivande o.l. (forretning, verksemd, kontor, driftsbygning, naust o.l.)
  • 21-84 Industri o.l. over 200 m2 målt etter forbruk (krav om vassmålar)

 

Gruppe BRA Vatn abonnement Vatn variabel Vatn sum Avlaup abonnement Avlaup variabel Avlaup sum
11 Opptil 60 m2 2 332 1 023 3 355 2 287 936 3 223
61 - 200 m2 *1 Vanleg bustad 2 332 2 204 4 536 2 287 2 029 4 316
11-14 Opptil 60 m2 2 332 1 023 3 355 2 287 936 3 223
61 - 200 m2 *1 2 332 2 204 4 536 2 287 2 029 4 316
15 Inntil (per)
4 hyblar
u. vassmålar
2 332 2 204 4 536 2 287 2 029 4 316
16-17 Hytte 2 332 1 023 3 355 2 287 936 3 223
18
21-44
Opptil 60 m2 2 332 1 023 3 355 2 287 936 3 223
61-200 m2 *1 2 332 2 204 4 536 2 287 2 029 4 316
21-84 *2 Krav om
vassmålar
9 326   9 326 9 074   9 074

* Fotnotar til tabell for vatn og avlaup:

1. For eining over 200 m2 bruksareal utan vassmålar, tillegg per m2:

  • Vatn kr 18,24
  • Avlaup kr 16,82

2. Halv abonnementsavgift for industri o.l. over 200 m2:
Ved lite vassforbruk kan det etter søknad gjevast halv abonnementsavgift. Vilkår er eit gjennomsnittleg forbruk siste 3 år på mindre enn 100 m3/år. Vatn og avløp etter målt mengde (m3).

Tilknytingsavgifter

For tilknyting til kommunal vassforsyning eller avlaup, må det søkjast på særskilt skjema. Søknad må vera godkjent og avgifta betalt før tilknyting skjer. Eingongsgebyr for tilknyting vert likt for alle abonnentar med inntil 2” tilknytingsleidning til vatn. Ved tilkopling med større dimensjonar, vert det rekna tillegg i avgifta.

Tilknytingsavgift skal reknast for kvart bygg etter reglar som for årsavgifter. Meirverdiavgift kjem i tillegg.

3.1 Bustader/Fritidsbygg

  • Vatn: Kr 25 000
  • Avløp: Kr 25 000

3.2 Industribygg

  • Vatn: Kr 25 000
  • Avlaup: Kr 25 00

3.3 Større leidningsdimensjon, tillegg i avgifta

  • 3 – 4” leidning: Kr 30 000
  • 5 – 6” leidning: Kr 60.000

3.4 Naust/tappepunkt

  • Vatn: Kr 25 000
  • Avlaup: Kr 25 000

3.5 Mellombelse tilkoplingar

Ingen tilknytingsgebyr. Alle kostnader med tilkopling/fråkopling skal dekkjast av eigar/festar av eigedomen. Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år. I særskilde tilhøve er det høve til å søkja om vidareføring.

Tøming slamavskiljar

Årsavgift

  • Heilårsbustad 0-4 m3 (tøming annakvart år.) kr 576
  • Hytte/fritidshus 0-4 m3 (tøming kvart 4. år) kr 300

MVA kjem i tillegg.

Minirenseanlegg skal ha tøming kvart år. Ekstra tøming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.

Betalingssatsar for slamtøming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) - NB! SIM sine prisar er inkl- MVA

Renovasjon

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen.

Standardløysing for bustad

  • Abonnementsgebyr kr 825
  • Dunk for bioavfall kr 350
  • Dunk for papir kr 175
  • Dunk for restavfall kr 668. Alle restavfallskundar vil få same pris som gjeld for same dunktype med tøming kvar 4. veke heile året. Frå 9. april 2018 vil alle få utvida tilbodet til tøming kvar 2. veke, med same pris.

Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 2 018 + MVA

Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider

Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 35 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)

Eigedomsskatt

Gjeldande takstar for eigedomsskatt:

Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 400 000 pr. godkjent bueining.

Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 2,5 ‰, og for ubygde tomter og næring på 5 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.

 

Feiing og tilsyn

Bustader

Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr 666

Industri/forretningsbygg

Feieavgift: Kr 833
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr 649 per time.

Meirverdiavgift kjem i tillegg.

Graving i kommunal veg/eigedom

Gebyr for sakshandsaming, administrasjon og kontroll i samband med gravearbeid i kommunal veg eller eigedom j.m. side 19 i Retningslinjer for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg i Stord kommune.

Gebyra er som følgjer:

  • Handsamingsgebyr kroner 1 740 per graveløyve. Ved større grave/anleggsarbeid vil gebyret for handsaming av søknaden bli fastsett utfrå medgått tid.
  • Kontroll kroner 463 for gravearbeid inntil 10 kvadratmeter. For større arbeid kjem det eit tillegg på kroner 47 per kvadratmeter.
  • Forfall av vegen kroner 47 per kvadratmeter*. Gebyr som skal dekka forfall av vegen vert ikkje kravd der det vert lagt nytt vegdekke i full breidde, til dømes på fortau og ved store gravearbeid.

* Gebyr som skal dekke forfall av vegen vert ikkje kravd der det er lagd nytt vegdekke i full bredde, til dømes på fortau og veg store gravearbeid.

Hamneavgift

Avgiftsregulativet byggjer på Hamnelova sine §§ 21 -24 samt dei forskrifter som fiskeridepartementet har knytta til Hamnelova sin avgiftsdel. Prisane er eksklusiv meirverdigavgift. Norskregistrerte farty skal betala meirverdigavgift. Hamneavgifter er i samsvar med lov om hamner og farvatn m.m. av 17. april 2009 nr. 19.

Her finn du gjeldande hamneavgifter

Båtplass i småbåthamna

Leirvik småbåthamn

Storleik på båten Kvartal Halvår År
Under 20 fot kr 1 188 kr 2 376 kr 4 753
F.o.m. 21 til 25 fot kr 1 600 kr 3 200 kr 6 400
F.o.m. 26 til 30 fot kr 2 047 kr 4 148 kr 8 296
Over 30 fot (pr. fot) kr 104 kr 208 kr 416

 

Korttidsleige for båtar

Storleik på båten  Plassavgift
Under 14 fot kr 266 pr. mnd
Frå 14 til 20 fot kr 523 pr. mnd.
Frå 20 til 25 fot kr 650 pr. mnd.
Frå 25 til 30 fot kr 783 pr. mnd.
Frå 30 til 40 fot kr 1 047 pr. mnd.
Frå 40 til 50 fot kr 1 308 pr. mnd.
Frå 50 til 70 fot kr 1 568 pr. mnd.
Over 70 fot Etter avtale

 

  • Straum kr 2,50 pr. kw.t + moms.
  • Leige minimum 1 månad.
  • Korttidsleige er frå 1. oktober til påsken startar påfølgjande år.
  • Frå sesongstart ved påske til 1. oktober skal det ved gjestebryggene betalast kr 250 opp til 40 fot og kr 350 for båtar over 40 fot.
  • Bruk av båten som bustad skal avtalast skriftleg med hamnesjefen. 

Kaiavgift ved gjestebryggene

Frå 1. mai til 1. oktober:

Båt opptil 40 fot kr. 250 per overnatting
Båtar over 40 fot kr. 350 per overnatting

Bruk av serviceanlegget og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på automat. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.

Helse og omsorg og rehabilitering

Heimebaserte tenester

Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

  • Personretta tenester (heimesjukepleie)
  • Avlasting
  • Støttekontakt

Praktisk bistand og opplæring 

Eigenbetaling per mnd/time
Husstanden si nettoinntekt Abonnement Timepris
Inntil 2G 210 0
2G - 3G 1808 452
3G - 4G 2712 452
4G - 5G 3614 452
5G - 6G 4520 452
Over 6G   452

*Sjå oversikt over grunnbeløpet i folketrygda (G) her.

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 210 per mnd., uansett timetal.

Brukar med nettoinntekt under 6G betalar abonnement. Brukarar med nettoinntekt over 6G, betalar timepris. Ingen tenester skal kosta over kr. 452 per time. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time.

Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som mottek hjelp, vil innntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er barnet som mottek hjelpa.

Tryggleiksalarm, nøkkelboks og velferdsteknologi

Tryggleiksalarm er eit lågterskeltilbod, som vert innvilga som ei kommunal teneste til alle som har søkt, utan behovsprøving.  Alle betaler eigenandel for tryggleiksalarm.

Velferdsteknologi omfatter ulike sensorar eller hjelpemiddel som kan tryggje brukar og pårørande, samt effektivisere tenestene. Når slik teknologi er behovsprøvd og vert tildelt i staden for helsetenester  er det ikkje tilleggsbetaling for slik teknologi.

Dersom teknologien ikkje er behovsprøvd, vert brukar fakturert for faktisk kostnad for kommunen.

 

Tryggleiksalarm per mnd. Sim kort er inkludert kr 240
Etableringsgebyr tryggleiksalarm kr 500
Etableringsgebyr nøkkelboks kr 750

 

Dagtilbod for personar med demens

Eigenbetaling kr. 172 per dag.

Betalinga skal skje ut frå vedtak. Det kan gjerast frådrag for fråvær utover ei veke.

Knutsaåsen omsorgssenter og Backertunet heildøgnsomsorg

Personretta tenester (heimesjukepleie): ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat: kr. 4 005 per mnd.
Vask av tøy: kr. 970 per mnd.
Husleigesatsen ved Knutsaåsen omsorgssenter og Backertunet heildøgnsomsorg vil verta prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane.

Institusjon

Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:

Korttidsopphald/rehabiliteringsopphald

Kr. 165 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.

Langtidsopphald

75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.

Avlastingsopphald

Ingen eigenbetaling for opphold.

Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.

Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod

Utlån av kommunale hjelpemiddel

kr 400. Eigenandel  for ein leigeperiode uavhengig av antal hjelpemidlar. Utlånsperiode er 3 mnd.

Frisklivtenester kr 300 per frisklivsresept
Fallførebyggande kurs kr 300
Serviceoppdrag kr 300 per time 
Transport av hjelpemiddel kr 300. Me vil ikkje ta eigenandel for utkjøring av dei største og mest kompliserte hjelpemiddel der me ikkje kan forvente at ein kan flytte sjølv. Det er også gratis å få montert utstyr ein søkjer om til Nav, som til dømes støttestenger, tekniske anlegg som hørselshjelpemidlar osv.
Handtak kr 200
Handtak m/montering kr 500
Ved manglande oppmøte til avtalt time til fysio- og ergoterapi kr 250
For gruppetreninga som einingane driv kr 300 per semester 
Varmtvassbasseng terapi  kr 100 per time
Varmtvassbasseng leige i vekedagar kr 540 per time
Varmtvassbasseng leige i helg kr 640 per time

Offentleg bading vaksne

barn

Familiar (2 vaksne + 2 born / 1 vaksen + 3 born)

kr 100

kr 50

kr 200

Transport til og frå dagtilboda Vidsteentunet og Sæbø gard kr 33 per dag

Landbruk, havbruk og utsleppssaker

Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker

For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a er det eit maksgebyr på kroner 5 000.(jf. gjeldande forskrift).
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b er det eit maksgebyr på kroner 2 000 (jf. gjeldande forskrift)

Uttale til konsesjonssaker etter Akvakulturlova: Gebyr vert rekna per påløpt time for sakshandsamar. For tida er taksten kroner 1 200 per time, og eit minstegebyr på kroner
4 600.

Konsesjonslova

Parkeringsavgift

Gjeldande betalingssatsar på avgiftsbelagde parkeringsplassar på Bytunet og underetasjen på Bachertunet.

Måndag - fredag

kl. 07.00 - 19.00: Kr 12 per time, inkl. mva. (Anna tidsrom: gratis)
 

Laurdag

kl. 07.00 - 17.00 Kr 12 per time, inkl. mva. (anna tidsrom: gratis)
 

Søndag

Gratis parkering

Regulerings-, byggesaks- og oppmålingssaker

Skulefritidsordning (SFO)

Prisar for opphald:

100 % plass: Kr. 3 307 pr. mnd
80 % plass: Kr. 2 733 pr. mnd
60 % plass: Kr. 2 078 pr. mnd
50 % plass: Kr. 1 791 pr. mnd

Full plass skulefrie dagar kr. 3 755
Full plass sommarope juni kr. 1 545
Full plass sommarope august kr. 2 320

Det er ingen søskenmoderasjon for SFO.

Symjehallane

Her finn du prisar på bading Stord kommune.

Torgplass - leige av handelsplass på Leirvik Torg

For lag/organisasjonar og næringsdrivande utan fast utsalsstad er det høve til å leiga plass på Leirvik torg for sal av varer.

Du kan tinga plass hos Fellestenester i rådhuset, tlf. 53 49 66 00.

  • Pris per rute på 15 m2 (minstepris) per dag: kr 145
  • Faste torghandlarar for 60 m2 per år: kr 26 050
  • Dersom dei faste torghandlarane einskilde dagar har trong for meir enn 60 m2, skal det betalast full leige for dette etter punkt 1, i tillegg til fast leige.
  • Straum til vekt, lys og varme skal, av dei faste torghandlarane, betalast over eigen målar. Tilfeldige torghandlarar skal betala kr 16 per dag.
  • For nattoppstilling er det ei avgift på kr. 1 315 per månad for faste torghandlarar, og kr. 48 per natt for tilfeldige.


Avgifta skal betalast forskotsvis per dag eller månad til Fellestenester. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.

Utleige av skulebygg i helgar/overnatting

Leigesats for utleige av skulebygg i helgar/overnatting. Satsane vert utrekna med utgangspunkt i kvar skule.

Leigesatsar for utleige av skulebygg i helgar/overnatting

2018 Ideell 

2018

Privat/kommers 

2019 Ideell 2019 Privat/kommers

Auke

Ideell 

Auke

Privat/kommers 

Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 100 64* 64 66* 66 2 2
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 300  50* 64 51 66 1 2
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 500  38* 63 39* 65 1 2
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall over 500  22* 52* 23* 54 1 2

*Prisen vert redusert med 20 prosent ved meir enn to samanhengande overnattingar.

Prisen er justert opp med kommunal deflator, 2,8 prosent.

Av den totale utgiftsdekninga skal:

  • 20 prosent disponerast av einingsleiar til administrasjonskostnadar
  • 60 prosent gå til eininga for dekking av ymse utgifter som gjeld straum, slitasje på utstyr m.m.
  • 20 prosent disponerast av Stord kommunale eigedom og gå til dekking av vedlikehald av bygg

Ved brot på ordensreglane for det aktuelle bygget eller ved uforsvarleg bruk av bygget, kan avtale om leigetid avsluttast utan oppseiingstid og leigetakar kan bli fakturert for eventuelle ekstrakostnader.

Vaksinasjon

Ta kontakt med vaksinasjonskontoret på telefon 53 49 66 86.