Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vaksine

Du har rett til å få vaksinering mot smittsame sjukdommar. Det er kommunen si helseteneste som står for tilbodet.

Tenesteomtale

Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld

  • barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
  • årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
  • vaksinasjon mot pandemisk influensa
  • vaksinasjon mot covid-19
  • andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)

Målgruppe

Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen

Kriterium/vilkår

Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Pris for tenesta

Barnevaksinasjon og vaksinasjon mot covid-19 er gratis. Elles betaler du ein eigendel.

Prisliste reisevaksinering 

Per 01.10.24. Alle prisane er per vaksine/dose. Konsultasjonspris kjem i tillegg til utsalspris.

Teneste Pris
Konsultasjon/reiseråd vaksne 250
Konsultasjon/reiseråd barn t.o.m. 15 år 50
Konsultasjon/reiseråd studentar/skuleelevar 100
Familiekonsultasjon/reiseråd, 2 vaksne og fleire enn 2 barn/ungdom 600
Påfyll og konsultasjon nr. 2, 3 (eller fleire) for same reise, barn gratis 100
Nytt vaksinasjonskort 100
Resept Malariatablettar 100

Ved manglande frammøte som ikkje er førehandsvarsla, vert det sendt krav om betaling av konsultasjonsgebyr.

Innkjøpspris er henta frå Folkehelseinstituttet si prisliste pr. 23.09.24. Utsalspris dekkjer utgifter til materiell m.m., og kjem i tillegg (kr. 90,- per dose, avrunda beløp)

Vaksinetype Innkjøpspris per dose Utsalspris Inkl. tillegg
Difteri-tetanus-kikhoste-polio, Boostrix polio 255,42 345
Difteri-tetanus-kikhoste-polio, Tetravac (basisvaks) 300,72 390
Difteri / stivkrampe / kikhoste, Boostrix 227,96 320
Polio, Imovax Polio 147,81 240
Gulfeber, Stamaril 380,27 470
Hepatitt A, Havrix (barn1- t.o.m. 15 år 333,20 425
Hepatitt A, Havrix (vaksne f.o.m. 16 år) 452,93 545
Hepatitt B, Engerix (barn 0 – t.o.m. 15 år) 251,05 340
Hepatitt B, Engerix (vaksne f.o.m. 16 år) 303,93 395
Hepatitt A+B, Twinrix (barn 0 – t.o.m. 15 år) 449,67 540
Hepatitt A+B, Twinrix (vaksne f.o.m. 16 år) 648,11 740
Kolera/turistdiare, Dukoral, drikkevaksine 438,14 530 (x2)
Meningokokk ACWY, Nimenrix/Menveo 388,57 480

Meningokokk ACWY, Nimenrix/Menveo, elevar i vidaregåande skule/ungdom 16-19 år

388,57 100 inkl. konsultasjon
Meninkokk B, Bexero 996,19 1085
Tyfoidfeber, Typhim Vi 203,03 295
Tyfoidfeber, Vivotif, 1 dose=3 kapslar 234,36 325
Rabies, Rabipur 814,11 905
Rabies, Verorab 861,19 950
Vannkoppar, Varilrix 458,83 550
Japansk encefalitt, Ixiaro 1131,32 1220
Skogflåttencefalitt, Ticovac, vaksen 369,18 460
Skogflåttencefalitt, Ticovac, barn 349,79 440
Tuberkulose, BCG 0 90
MMR, Priorix 0 90
Sesonginfluensa, Vaxigrip Tetra 106 200 med konsultasjon
Pneumokokk, Pneumovax 370,68 500 med konsultasjon

 

 

 

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
smittevernlova kapittel 3 

Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Kontakt

Vaksinekontoret tlf. 481 44 387

 

Reisevaksine

Bestill time til reisevaksine god tid før avreise! Bestill time via vaksinekontoret eller via e-post til reisevaksinering@stord.kommune.no

 

Besøksadresse

Stord helsepark, 3.etg i Borggata 7-9, Leirvik

Postadresse

Postboks 323
5402 Stord

Tenesta oppdatert: 27.04.2021 16:33