Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver. Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
Du sender melding dersom verksemda har
-
kjøletårn
-
luftskrubbar
-
badeanlegg
-
boblebad som er tilgjengeleg for allmenta
Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.
Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har
-
kjøletårn
-
luftskrubbar
-
fuktanlegg
-
innandørs fontene
så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje.
Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.
Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien.