Risikogrupper

Følgjande er risikogrupper:

  • gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter legevurdering
  • bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • personar over 65 år
  • vaksne og born med: 
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
    • svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Pris

Influensavaksine kr. 200,-  
Pneumokokkvaksine kr. 500,-  
Koronavaksine gratis

Les meir om vaksine for vaksne her Vaksiner til vaksne - FHI