Visjon

Universell utforming tyder at produkt, tenester og omgjevnadar skal utformast på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming.  

Stord kommune er eit samfunn for alle. Stord kommune inspirerer i ord og gjerningar andre til å jobba med universell utforming. For å nå målet om eit likestilt og universelt utforma samfunn er det naudsynt med omtanke og innsats på alle nivå i samfunnet. Det er viktig å tenkja ”føre var” prinsippet, med god planlegging ved etablering av nye bustadområde, næringsbygg, samt ved renovering av gater/plassar og bygg.

Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelegheitslova).

Lova tredde i kraft 01.01.2014. Denne lova representerte ein milepel i arbeidet med universell utforming fordi det no er lovfesta at verksemder sin alminnelig funksjon skal kunne nyttas av flest mogleg.

Lova sitt føremål er å fremja likestilling uavhengig av funksjonsevne. Det betyr likeverd, like moglegheiter og rettigheiter, tilgjenge og tilrettelegging. Lova skal bidra til nedbygging av samfunnsskapte funksjonshemmande barrierar og hindre at nye vert skapt.

For Stord kommune gjeld § 13 der det står at offentlege verksemder skal arbeide aktivt og målretta for å fremme universell utforming innanfor verksemda.

Det same gjeld for private verksemder retta mot ålmenta.

Det er likevel ei grense for kor langt lova gjeld. Det står vidare i § 13 at i vurdering om utforminga eller tilrettelegginga medfører ein uforholdsmessig byrde, skal det leggast særleg vekt på tilrettelegginga sin effekt på å byggje ned funksjonshemmande barrierar, om verksemda sin alminnelege funksjon er av offentleg art, dei naudsame kostnadane ved tilrettelegginga, verksemda sine ressursar, omsyn til tryggleik og verneomsyn. Kva som er «uforholdsmessig byrde» kan prøvast av likestillingsombodet som er formell klageinstans.

Stord kommune har sitt eige likestillingsombod

Universell utforming gjeld på alle samfunnsområde (med unntak av familieliv og andre reint personlege forhold).

Dersom du har spørsmål om universell utforming i Stord kommune så ta kontakt med leiar innanfor det samfunnsområde du har spørsmål om. 

32 tips som kan betre tilgjenge i butikken din

Kan kven som helst handle i din butikk? Gå igjennom sjekklista med 32 tips som kan betre tilgjenge til butikken din!

Universell utforming er ein glimrande forretningside. Har du tenkt over kor stor og ressurssterk kundegruppe gravide, småbarnsforeldre og eldre er?

Last ned brosjyre i PDF format her

Universell utforming i Leirvik sentrum - prinsipp og overordna system for føringsliner

Denne rapporten presenterer ein overordna plan for føringsliner i Leirvik, og det vert gjeve prinsippløysingar på korleis ein skal gi tilgjenge til bygolvet i samsvar med den universelle utforminga.

[Framside-Rettleiar Universell utforming i Leirvik sentrum] Målet med denne rapporten er å lage eit heilskapleg felles grep, og å sikre ei lik og avklara tilnærming til universell utforming. Dokumentet skal gje utbyggjar klare reglar og like krav å halde seg til. Dokumentet skal kunne bli nytta direkte i planlegginga av nye prosjekt.

Rapporten er delt i to. Første del er ein analyse av situasjonen i Leirvik i dag, og gjev ein overordna heilskapleg plan for føringsliner. Andre del viser prinsippløysingar med tanke på materialbruk, møblering og belysning osv.
Samferdselsdepartementet ved Statens vegvesen har gjennom tilgjengeprogrammet BRA (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring) gitt midlar til arbeidet med utarbeidinga av denne planen.

Sjølve rapporten er utarbeida av Arkitektgruppa Cubus AS ved landskapsarkitekt MNLA Katrine Lone Bjørnstad og landskapsarkitekt MNLA/ byplanleggjar Axel N. Sømme. Under prosessen er det halde møte med representantar frå Statens Vegvesen , eldrerådet, rådet for funksjonshemma, Tekniske tenester i Stord kommune, og kommuneergoterapeut.

Last ned rapporten i PDF format her