Tilgjengelegheitserklæring - kva må du som leverandør gjere?
Fra 01.02.2023 skal alle offentlege nettstader ha ein tilgjengelegheitserklæring. Det vil seie at Stord kommune må ha ein erklæring for www.stord.kommune.no og alle domena me eig.
Stord kommune har ansvar for at alle våre tenester som heilt eller delvis består av tredjepartsløysingar også har ein tilgjengelegheitserklæring.
Det betyr at du som leverer løysingar som er ein del av dei digitale tenestene til innbyggjarane våre no må laga ein slik tilgjengelegheitserklæring.
Les meir om kva ein tilgjengelegheitserklæring er på sidene til Tilsynet for universell utforming av IKT (uutilsynet).
Steg 1 – Testa løysinga
Om testing
Det første du må gjere er å testa løysinga mot 47 krav frå standarden WCAG 2.1. Bruk vår sjekkliste for å dokumentera testinga. Sjølve testinga bør gjennomførast av ein fagperson som har kompetanse innsn universell utforming. Det kan vera ein webdesigner, frontend-utviklar, testar eller tilgjengelegheitsekspert. Dersom verksemda di manglar kompetanse, kan du velga å leiga inn kompetanse for eiga rekning. Me anbefalar at du heller byggjer opp kompetansen internt, fordi dette skal gjeres årleg og bør bli ein del av den rutinemessige kvalitetssikringa.
Slik gjer du:
- Last ned sjekkliste for tilgjengelegheitserklæring.
- Har du ein stort nettstad med mange sider som er bygd opp ulikt (diverse sidetypar), kan du testa eit representativt utval. Sørg for at du har test funksjonar i løysinga din.
- Gå gjennom sjekklista krav for krav.
- Svar "ja" for dei krava som er oppfylt.
- Hak av for "vi har ikke denne typen innhold", dersom eit krav ikkje er aktuelt. Dette gjeld for eksempel krav om teksting av video som kun er aktuelt om nettstaden har video.
- Dersom eit krav ikkje er oppfylt må du svara "nei". I tillegg må du beskriva kva som ikkje er oppfylt, kvifor kravet ikkje er oppfylt og sei kva slags konsekvensar det kan få for brukarane.
- For eksempel: "Videoane våre manglar teksting. Dette er fordi løysinga vår ikkje har funksjon for å leggja inn tekst. Dette fører til høyrselshemma ikkje kan oppfatta innhaldet."
- Send ferdig utfylt sjekklista til Stord kommune.
Steg 2 - Fylla ut sjølve erklæringa
Dette steget er det me i Stord kommune som utfører. Når me har motteke ferdig utfylt sjekklista, vil me leggja inn svara frå lista i ei fellesløysing som heiter uustatus. Denne løysinga er laga av Digitaliseringsdirektoratet og Tilsynet for universell utforming av IKT (uutilsynet).
Tilgjengelegheitserklæringa skal ha ein tilbakemeldingsfunksjon slik at brukarane kan melda frå om eventuelle feil. Stord kommune legg inn informasjon om dette.
Når me har lagt inn all informasjon genererer uustatus ei lenke til den ferdige tilgjengelegheitserklæringa.
Steg 3 – Publisera lenka godt synleg på nettstaden
Stord kommune vil sende deg som leverandør lenka til den ferdige tilgjengelegheitserklæringa. Denne lenka skal heite "Tilgjengelegheitserklæring" og du må publisera den godt synleg på nettstaden, gjerne i nærleiken av personvernerklæringa.
Erklæringa skal liggja på nettstaden den gjeld for. Ein god stad kan vere i botnen av nettstaden eller saman med personlege innstillingar.
Krav til våre leverandørar om universell utforming av IKT
Ønskjer di verksemd å levera IKT-løysing til Stord kommune? Me ønskjer oss leverandørar som tar alle typar brukarar på alvor og som har kontinuerleg fokus på universell utforming.
Universell utforming er lovpålagt, og 47 spesifikke krav må følgast for at ein app eller nettside kan definerast som universelt utforma. Alle IKT-løysingar som er retta mot innbyggjarane i Stord kommune må følgja krava i Forskrift for universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger. Du kan lesa meir om krava på sidene til uutilsynet.
Konkrete krav
Krava kan variere noko frå anskaffelse til anskaffelse, og dei konkrete krava vil framgå av konkurransedokumenta. Minimumskrava vil alltid vere at Forskrift for universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)løsninger skal vera oppfylt. Dette inneber at om løysinga du tilbyr ikkje støtter desse krava risikerer du at tilbodet ditt ikkje blir vurdert.
Eksempel på krav som er viktige
Me har samla nokre krav som me ofte finn feil på i testene våre, og som skapar problem for enkelte brukargrupper.
Alle krava i Forskrifta skal oppfyllast, fordi kvart enkelt krav er laga for å unngå problem for utsatte grupper. Her er nokre eksempel og kvifor desse er viktige:
- For at alle skal kunne sjå godt og sleppe og anstrenge augene må IKT-løyinga ha god kontrast (forholdstall på 7 til 1 mellom tekst og bakgrunn), ha stor nok tekst, store gode knappar og det må vera mogleg å forstørre sidene inntil 400 %.
- Tastaturnavigering – Det må vera mogleg å bruka heile løysinga kun ved hjelp av tastatur, slik at dei som ikkje kan bruka mus eller er avhengig av skjermlesar kan bruke løysinga. Dette gjer også at alle kan bruka løysinga kun med tastatur for å oppnå høgast mogleg effektivitet.
- Alle bilete, grafar og illustrasjonar må ha tekstalternativ, slik at dei som ikkje ser kan oppfatta innhaldet.
- Bruk av farge må ta omsyn til at nokre menneske er fargeblinde, og må difor ha tekst eller skravering i tillegg.
- Alle skjemafelt må vera koda riktig, slik at koden validerer ved ein kodesjekk. Dette er spesielt viktig for at løysinga skal fungera for skjermleserbrukarar.
Les meir om regelverket på sidene til uu-tilsynet.
Korleis kan du som leverandør sikra at løysinga di virkar for alle?
Her kjem nokre praktiske råd om kva du kan gjere for å testa løysinga di.
Gjer tastaturtesten
Legg musa til side. Gå gjennom heile løysinga og gjer vanlege oppgåver kun ved å bruka tastaturet. Det skal vera mogleg å nå og aktivere alle klikkbare element kun ved hjelp av tab, piltastar, Enter og mellomromstasten.
Dette er spesielt viktig å teste for skjema og skjemafelt. Brot på dette medfører ofte kritiske feil, fordi dei som ikkje kan bruka mus ikkje kan bruka løysinga i det heile tatt.
Sjekk kontrastnivået
Du kan bruka dette verktøyet: Color Contrast Analyser (CCA), engelsk) eller tilsvarande. Denne testen er rask og enkel og viser kvar på sida kontrastforholdet ikkje er godt nok.
Sjekk om koden validerer
God kodekvalitet med riktig bruk av html er et godt grunnlag for å unngå feil som skapar problem for enkelte grupper. Test løysinga di med W3C sin kodevalidator. Ver merksam på at eit høgt tal feil her kan komma av at samme feil går igjen fleire stedar på nettstaden.
Test med skjermleser
Den einaste måten å vera heilt sikker på at løysinga verkar for synshemma er å testa løysinga i bruk ved hjelp av skjermlesar. Du kan bruka Narrator (Innebygd i Windows OS), NVDA (gratis open source), Jaws (mest brukt for profesjonell bruk) eller Voiceover for iOS. Skal løysinga brukast for skular bør du testa med ChromeVox (Chromebook’s innebygde skjermlesar).
Hugs også å testa på mobil. Då kan du bruka Voiceover, som er Apple sin innebygde skjermlesar. Dette er den mest brukte blant menneske med synsnedsettingar. Har du ein Android telefon, kan du testa med den innebygde skjermlesaren Talkback.
Brukertesting
Er løysinga testa på ekte menneske? Dette vil gi dei aller beste svara på korleis løysinga er i bruk og kva som kan forbetrast. Det er lurt å ta med brukarar med funksjonsvariasjon, fordi det gjerne er dei som utfordrar løysingane mest på brukervenlegheit og universell utforming. Verkar løyringa for denne gruppa. vil den sannsynlegvis fungera godt for alle. Ta difor desse behova med frå starten av!
Sjekklister
Dokumenta under kan du bruka som verktøy når du testar om løysinga di oppfyller krav til universell utforming:
Korleis lukkast med universell utforming?
Universell utforming er ferskvare. Med dette meinar me at det er eit fagområde som du må jobba kontinuerleg med for å sikra og oppretthalda god kvalitet. Her er nokre råd om kva som trengs for å lykkast.
- Kompetanse
Alle i verksemda bør vete noko om universell utforming, og nokon bør ha meir inngåande kjennskap til koding og det tekniske som skal til for å løysa og unngå brot. - Gode rutinar og rammeverk
Gjer det riktig første gong. Eit godt rammeverk som tar med uu-perspektivet og tenker på brukaren frå starten av vil vere smart for å unngå å utvikla løysingar som har mange feil, som deretter må rettast. Dersom rammeverket er kvalitetssikra med tanke på uu, vil du unngå og vidareføra feil. Universell utforming av løysinga kostar lite om du tar det med frå starten av. - Testing
Like naturleg som det er å testa ny funksjonalitet bør det vera rutinar for testing og feilhandtering av uu. Lag eit testregime som fangar opp uu-feil. Dette kan vera ein kombinasjon av automatiserte testar og brukartesting. Testing er nøkkelen til å oppdaga uu-problem.
Aldri jobba med uu før?
Eit løft kan hjelpa, men varer kun til neste oppgradering. Nokre firma velgjer å leiga inn eksterne ekspertar for å gjennomgå løysinga, for å løfta løysinga til riktig standard. Det kan vera lurt å ta eit skippertak dersom du ikkje har tenkt på uu før, men du bør også sørgja for kompetanseoverføring. Dette fordi uu er eit fagområde som bør jobbast med kontinuerleg for å oppretthalde god kvalitet. Uu bør liggja i ryggmargen hos designarar og utviklarar som skal jobba vidare med løysinga, slik at du får videreført god standard og ikkje gradvis bryt ned det gode arbeidet du har gjort.