Me treng naturmangfaldet for å overleva. Ein intakt natur gir oss reint vatn, mat, pollinering, byggjematerial og beskytting mot klimaendringar. Naturen har stor verdi som opplevings- og rekreasjonskilde, økonomisk verdi og ein verdi i seg seg sjølv.

Spreiing av framande invaderande artar er ein av dei viktigaste årsakene til tap av naturmangfald. Mange av desse er hagerømlingar. Dei sprer seg ut i naturen og kan få negative konsekvensar for både ville planter, sopp, insekt, dyr og fuglar. For å unngå spreiing av hagerømlingar er det viktig at hageavfallet vert levert på mottak for hageavfall.

Hagerømlingar er eit problem fordi dei: 

  • Konkurrerer ut artar som er tilpassa til å leva i norsk natur
  • Tar lys og plass
  • Endrar jordsmonnet

Eksemepl på hagerømlingar

Eksempel på planter som er forbodne å importera, omsetja og planta ut, fordi dei kan gjera stor skade på norsk natur er:

  • Filtarve
  • Framande mmispel-artar
  • Kanadagullris
  • Kjempespringfrø
  • Parkslirekne
  • Rynkerose
  • Prydstorklokke
  • Hagelupin
  • Kjempebjørnekjeks

Det er ikkje ulovleg å ha nokon av dei forbodne artane i hagen dersom dei vart planta før 2016, men det er ikkje lov til å spreia dei vidare ved å gi dei til naboen eller andre. Hageeigarar har i tillegg ansvar for å halda dei forbodne artane innafor hagegjerdet, ved å klippa 
ned blomsterstandar før dei set frø, og laga fysiske barrierer for artar som spreier seg med utløparar. Bær og nyper må også fjernast, då dei vert etne av fuglar og spreidd over eit stort område. 

Ikkje kast hageavfall i naturen. Kast hageavfall av framande artar i boss som skal til forbrenning, i varmkompost eller lever til mottak for hageavfall.

Bruk heller desse

IstadenforKan du bruka
Kanadagullris og kjempegullrisGul frøstjerne (Thalictrum favum)
Prydstorklokke Fagerklokke (Campanula persicifolia)
Rynkerose Bjørkebladspirea (Spiraea betulifolia)
Sibirbergknapp og gravbergknapp Hvitbergknapp (Sedum album) og bitterbergknapp (S. acre)
SølvarveKrypvier (Salix repens)
Balsampoppel og berlinerpoppelOsp (Populus tremula)
Blomster-, diel- og sprikemispelKrypvier (Salix repens repens) og musøre (Salix herbacea)
FiltgullregnRogn (Sorbus aucuparia)
Grønnpil og skjørpilTrollhegg (Frangula alnus), sølvvier (Salix glauca glauca) og istervier 
(Salix pentandra)

Finn du ikkje eit alternativ til den forbodne planta du ønskjer deg? Spør om hjelp på hagesenteret til å fnna trygge og flotte alternativ som passar til hagen eller balkongen din.

Du finn bilete av alternativa, og mange fleire forslag til gode hageplanter, på: Snille planter til hagen din - Naturvernforbundet

Kva kan du gjere?

  • LEVER hageavfall til miljøstasjon. Her vert det gjort om til verdifull kompost. 
  • IKKJE PLANT forbydde planter eller artar som er ein trussel for norsk natur. Sjekk Artsdatabanken - Kunnskapsbank for naturmangfold for oversikt over artar som er svartelista. 
  • FJERN framande planter frå hagen din.
  • GJER DET VANSKELEG for brunskogsnigelen å finna mat og overvintringsplass i hagen din.
  • RAPPORTER inn framande artar i naturen i artsobservasjoner.no, slik at forvaltningen får oversikt over kvar artane spreier seg
  • FORKLAR venner og kjente kvifor dei bør fjerna framande planter frå hagen sin.
  • LEGG TIL RETTE for naturlege planter og insekt i hagen din. På Blomstermeny – Blomstermeny for pollinerende insekter får du tips til kva artar humler og andre pollinatorer liker.
  • SPØR på hagesenteret om alternativer til forbodne og framande planter.
  • SJEKK med hagesenteret at dei har god internkontroll for å hindra spreiing av brunsniglar og framande insekt før du kjøper jord i 
    sekk og plantar i potta.

Hageavfall du mistenkjer inneheld hagerømlingar dekker du til med tett presenning eller pakk dei i sekk, og transportert dei til gjennvinningsstasjonen.