Det er to forskjellige former for spesialundervisning for vaksne i grunnskuleopplæringa.

  1. Den eine typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa, og vaksenopplæringa ikkje kan tilpasse opplæringa godt nok for dei.
     
  2. Den andre typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei treng å utvikla eller vedlikehalda grunnleggjande ferdigheiter. Det kan være aktuelt dersom den vaksne etter å ha fullført vidaregåande opplæring fortsatt treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungera i det daglege.

For begge typane av spesialundervising må kommunen og PP-tenesta vurdera og gi råd om kva den vaksne treng, og kommunen må fatta eit enkeltvedtak.