Kva er grunnskuleopplæring for vaksne?
Retten til grunnskuleopplæring er lovfesta i opplæringslova § 4A-1.
Grunnskule for vaksne er opplæring i dei faga du treng for å få vitnemål for vaksne:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Samfunnsfag
- Naturfag
Du kan få opplæring i alle fem faga, i enkeltfag/delar av fag eller i grunnleggjande ferdigheiter (lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnleg kommunikasjon).
Undervisninga er til vanleg mellom kl 08.30 – 14.00 måndag – fredag, men kan tilpassast den einskilde sine behov og livssituasjon. Du kan få meir informasjon ved å vende deg til Vaksenopplæringa
Kven har rett til grunnskule for vaksne?
Du har rett til grunnskoleopplæring dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, ikkje har rett til vidaregåande opplæring og har eit behov for opplæring. Behovet for opplæring kan kome av:
- ønskje om utdanning
- ønskje om å behalde jobb eller få jobb
- ønskje om å meistre kvardagen
- at du kjem frå eit anna land og ikkje har grunnskuleopplæring som tilsvarar den norske
- at du har hatt ei mangelfull grunnskuleopplæring
Slik søkjer du
Søknadsskjemaet sender du til:
Send sikker elektronisk post her
Stord vaksenopplæring
PB 304
5402 Stord
Du kan også levere det direkte til vaksenopplæringa eller på rådhuset.
Etter at vi har motteke søknaden, blir du innkalla til ein samtale der du må ta med ID, dokumentasjon på lovleg opphald i Noreg, CV og kopi av vitnemål og attestar.
Før inntak til grunnskule, vil du bli kalla inn til samtale og kartlegging, slik at vi saman med deg kan finne ut kva som er dine rettar og behov. Dette vil danne grunnlaget for kva tilbod om opplæring som vil passe best for deg.
Søknadsfrist og sakshandsamingstid
Det er ikkje nokon søknadsfrist, du kan søkja gjennom heile året. Kommunen handsamar søknaden så raskt som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysingar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggja tilbodet. Dette inneber at du må akseptera at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet vert etablert.
Vurdering av realkompetanse
Den som har rett til grunnskuleopplæring for vaksne, har også rett til å bli realkompetansevurdert. Realkompetanse er kunnskapar og ferdigheter ein person har skaffa seg gjennom arbeid, utdanning, organisasjonsarbeid mm.
Realkompetansevurderinga blir gjort i dei fem faga som er kravd for å få vitnemål frå grunnskole for vaksne. Les meir på Udanningsdirektoratet.no.
Kompetansen i faget må tilsvara minimum karakteren 2 etter læreplanen i Kunnskapsløftet.
Personar som oppnår godkjent realkompetanse vil få kompetansebevis / vitnemål frå grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring.
Personer som søker om realkompetansevurdering må delta i:
- Kartlegging gjennom samtale og skriftlige oppgåver
- Eigenvurdering i faga
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til Vaksenopplæringa som fatta vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.
Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom klagen verken heilt eller delvis vert teken til følgje, vil klagen med alle saksvedlegg bli sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland. Vert klagen teken delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny frist for klage bli sendt til dykk frå kommunen. Statsforvaltaren si avgjerd er endeleg og kan ikkje klagast på. Klagen kan du senda digitalt her (sett inn lenkje til skjema)
Klagen kan du senda digitalt her (sett inn lenkje til skjema)
Du kan alternativt senda søknaden til:
Stord kommune v/fagavdeling for oppvekst og kultur
Postboks 304
5402 Stord
Meir informasjon?
Ta kontakt med skulen dersom du treng meir informasjon om opplæringa.
Stord vaksenopplæring held til i Telebygget i Leirvik, adresse Jens Hystadvegen 6, 5417 Stord, eller du kan nå rektor på telefon 901 28 267