Føresette søkjer permisjon gjennom Visma foresattportal
For nedlasting av app og meir informasjon | Visma Flyt Skole
For alle permisjonar utover ein dag skal søknadsskjema fyllast ut og sendast rektor i god tid før permisjonen startar.
Etter Opplæringslova §2-11 kan kommunen gje ein elev permisjon inntil to veker når det er forsvarleg.
Dersom permisjon vert innvilga er det eit vilkår at foreldre/føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgja med i undervisninga etter at permisjonstida er ute.