Kommunestyret har vedtatt at kommunen skal søkja bistand frå ein ekstern aktør til å gjennomføra ein økonomi- og effektiviseringsanalyse av kommunen si drift. Mandatet for oppdraget er politisk forankra, og prosjektet er styrt av arbeidsgjevarutval, som er eit partssammensett utval. I tillegg har rådmannen si leiargruppa vert referansegruppa for oppdraget.
Målet med oppdraget har vert å finna tiltak som skal gje innsparing på kort sikt, og leda til varige endringar som gir ein sunn økonomisk drift på lang sikt. Dette inneber blant anna å undersøkja dagens tenestenivå og leggje til rette for at kommunen leverer best mogleg tenester innanfor kommunen sine økonomiske rammevilkår. PwC sitt oppdrag har vert å finna tiltak som skal gje årleg innsparing på minimum 35 mill. kr. Samstundes skulle dei finna tiltak som i minst mogleg grad fører til reduksjon i omfang og kvalitet på tenestene.