Klage til Sivilombodet
Sivilombodet er til for å ta vare på dine rettar som privatperson. Du kan klage til Sivilombodet dersom du meiner å ha vore utsett for urett eller feil frå den styresmakta som har handsama saka di.
Tenesteomtale
Sivilombodet er oppnemnd av Stortinget for å kontrollere forvaltninga. Som vanleg borgar kan du klage til Sivilombodet dersom du meiner at forvaltninga har gjort ein feil eller ein urett. Med forvaltninga meiner ein både statlege, kommunale og fylkeskommunale myndigheiter. Klage kan gjelde
- brot på saksbehandlingsreglar som for eksempel manglande svar eller sein saksbehandling
- at forvaltninga har gjort eit vedtak som du meiner er feil
Kriterium/vilkår
Dersom det er gjort eit vedtak i saka di, skal vedtaket innehalde opplysningar om korleis du klagar til eit høgare forvaltningsorgan som kan overprøve avgjerda i saka. Du må først ha nytta dette høvet til å klage før du kan klage til Sivilombodet.
Pris for tenesta
Å klage til Sivilombodet er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Klagen må vere skriftleg og underteikna. Du kan nytte vanleg brev eller klageskjema (sjå lenkja under Søknadsskjema). Det er viktig at du forklarer kva forvaltningsorgan (kommune, direktorat, departement eller anna) det gjeld. Du bør òg forklare kva for feil du meiner at forvaltninga har gjort. Er det eit konkret vedtak du meiner er feil, bør du oppgje dato for vedtaket og helst leggje ved ein kopi. Treng du hjelp til å setje opp klaga, kan du kontakte Sivilombodet sitt kontor og gjere ein avtale – anten om rettleiing på telefon eller ved oppmøte.
Vedlegg
Alle dokument som du trur kan opplyse saka. Det er ikkje nødvendig å skaffe alle saksdokumenta. Dersom Sivilombodet skal behandle saka, blir alle dokumenta innhenta frå forvaltninga.
Saksbehandling
Ein saksbehandlar vil først gå gjennom klaga og vurdere om ho skal behandlast av Sivilombodet. Dersom det er grunnlag for det, blir det forvaltningsorganet du klagar på, bedt om å gjere nærmare greie for saka. Du vil så få høve til å kommentere svaret. Til slutt vil Sivilombodet uttale si meining om saka. Forvaltninga retter seg i praksis etter Sivilombodet sine synspunkt, men er etter lova ikkje forplikta til det.
Saksbehandlingstid
Dersom klaga di ikkje kan behandlast, vil du få melding om dette i løpet av to veker. Ei vurdering av om det er grunnlag for å ta klaga di opp med det forvaltningsorganet det gjeld, vil ta mellom fire og ti veker. Deretter får forvaltningsorganet til vanleg ei svarfrist på fire veker. Tida det tar å ferdigbehandle ei sak, er avhengig av mellom anna kor komplisert saka er og kor omfattande undersøkingar som er nødvendig.
Tenesta oppdatert: 05.10.2021 09:32