Fri rettshjelp
Fri rettshjelp er juridisk hjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten.
Tenesteomtale
Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp, kan du søkje om fri rettshjelp. Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokathjelp og fri sakførsel i retten.
Prioriterte sakstypar er
- familiesaker
- erstatning for personskade
- oppseiing/utkasting av bustad
- oppseiing/avskjed i arbeidsforhold
- trygd
- pensjon
Målgruppe
Personar som ikkje har økonomi til å betale for juridisk rådgjeving eller sakførsel.
Kriterium/vilkår
- Du har bruttoinntekt eller næringsinntekt som ikkje er større enn 350 000 kroner for einslege, 540 000 kroner for ektefellar. Formuesgrensa er 150 000 kroner
- Du har ikkje teikna rettshjelpsforsikring som heilt eller delvis dekkjer utgiftene til juridisk bistand med mindre særlege forhold gjer det rimeleg
I enkelte tilfelle kan Statsforvaltaren gjere unntak for inntektsgrensa. Uavhengig av inntekt og formue kan det blir gjeve fri rettshjelp
- i barnevernssaker i barneverns- og helsenemnda
- i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvunge psykisk helsevern
- i saker om militærnekting
- i saker om tvangsekteskap
- i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
- i saker om erstatning for grunnlaus straffeforfølging
- for å vurdere anmelding av valdtekt
- for å vurdere anmelding i sak om menneskehandel
- i saker om NAV si feilaktige praktisering av EU si trygdeforordning
Advokaten som du ønskjer å nytte, må normalt halde til i nærleiken av der du bur eller har tilhald.
Pris for tenesta
Viss du får fri rettshjelp vil du måtta betale ein eigendel på 1315 kroner (2025).
Personar med bruttoinntekt under 100 000 kroner pr. år betalar ikkje eigendel.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Statsforvaltaren saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.
Vedlegg
Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.
Saksbehandling
Hovudregelen er at Statsforvaltaren avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Statsforvaltaren innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Justisdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tenesta oppdatert: 19.12.2024 19:29