Gravehenvending for kabelpåvising for private

Før det vert sett i gong graving må den som graver få klarsignal eller påvisning. Geomatikk har oversikt over registrerte VA-leidningar i graveområde.

Som følgje av aukande mengd kablar i bakken og auka anleggsaktivitet, har talet på uhell i samband med anleggsarbeid i bakken stige dei siste åra. Kabelpåvising er pålagt for å unngå slike uhell og skadar.

Ilustrasjonsbilete for graveløyvePålegget om kabelpåvising gjeld også dersom du skal grava på eigen grunn.

Ta kontakt for å førebyggja skadar. Det er den som skal grava som har ansvaret.

Erstatningsansvar ved graveskader

Store verdiar ligg i bakken, mellom anna straum- og datakablar, og røyr for vatn og avløp. Skadar på desse kan medføra erstatningsansvar for til dømes:

  • tap grunna avbrot i straumleveranse
  • reparasjons- og materialkostnader

Slik får du utført kabelpåvising

Geomatikk utfører på vegne av leidningseigarane teneste for gravehenvendelse/kabelpåvising.
Dei har utarbeidd løysingar for koordinering av kabelpåvising for straum, fiber, tele, vatn og avløp.

Dette medfører at du som kunde kan ringa 915 09146 for å få koordinert påvising av kablar i graveområdet.

Tenesta er gratis i opningstida.

Ved gravehenvendelse for kabelpåvising trenger me følgjande opplysningar:

  • Kvar du ønskjer påvising, frå/til adresse (ev. gards- og bruksnummer), beskrivelse av staden
  • Namn på kontaktperson
  • Telefonnummer kontaktpersonen kan nåast på
  • Namn på firma som skal grava
  • Dato du ønskjer kabelpåvising

Ta gjerne med annan informasjon du trur kan vera relevant.

 

Graveløyve og kabelpåvising for entreprenørar og røyrleggjarar

Det skal søkjast om arbeids- og graveløyve dersom ein skal utføra arbeid i/ved kommunal veg-/gategrunn og eigedom.

Før det vert sett i gong arbeid i/ved kommunal veg-/gategrunn og eigedom må du søkja løyve. Samt ved varsling og sikring av arbeid på og ved veg. Husk å levera gravehenvending/påvisning i kundeportalen i tillegg!

Søknad skal godkjennast av Stord kommunalteknikk før arbeidet vert sett i gong. Det skal sendast inn ferdigmelding etter utført arbeid.

Søk elektronisk

Stord kommunalteknikk tilbyr elektronisk løysing for:

  • gravesøknad
  • gravehenvending for kabelpåvising. Gjennom denne tenesta får du påvising av mellom anna straum- og datakablar og røyr for vatn og avlaup.

Ved graving i kommunal veg eller eigedom

Dersom du planlegg graving i kommunal veg eller eigedom skal du levera både gravesøknad og gravehenvendelse for kabelpåvising. Kabelpåvising kan først utførast når gravesøknaden er godkjent. Hugs difor å be om kabelpåvising via Gravehenvendelse når du har fått gravesøknaden godkjent.

Ved graving i privat grunn

Ved graving i privat grunn treng du ikkje å levera gravesøknad. Du er likevel pålagt å få utført kabelpåvising. Be om kabelpåvising gjennom tenesta gravehenvending.

Rettleiing

I den elektroniske tenesta kan du:

  • fylla ut søknad
  • teikna direkte inn i leidningskart
  • sjekka status i gravesøknadane dine
  • senda ferdigmelding

Tenesta gir deg god oversikt over kva for søknader som er sendt til oss, om søknadane er godkjent og om ferdigmelding er levert.

Alle føretak loggar seg på portalen med eige brukarnamn og passord. Du får då tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker.

Her kan du logga deg på tenesta

Informasjon om krav til sanitærmelding, gravesøknad og graveførespurnadar

Ny brukar?

Dersom du ikkje har brukt løysinga før, kan du registrera deg som ny brukar. Du vil då få tilsendt brukarnamn og passord på e-post frå Geomatikk. Tildeling av nytt brukarnamn og passord kan ta litt tid (om lag ein virkedag).

Reglement

Den som utfører graving i kommunal veg eller eigedom er ansvarleg for at gjeldande retningslinjer vert følgt:

Erstatningsansvar ved graveskadar

Som følgje av aukande mengd kablar i bakken og auka anleggsaktivitet, har talet på uhell i samband med anleggsarbeid i bakken stige dei siste åra. Kabelpåvising er pålagt for å unngå slike skadar.

Store verdiar ligg i bakken, mellom anna straum- og datakablar, og røyr for vatn og avløp. Skadar på desse kan medføra erstatningsansvar for til dømes:

  • tap grunna avbrot i straumleveranse
  • reparasjons- og materialkostnader

Det er den som skal grava som har ansvaret.

Support

Supporttelefon for Kundeportalen GeoMelding:

Telefon: 810 33 400 tast 2
E-post: support@geomatikk.no

Sanitærmelding

Sanitærmelding er ein søknad om å få knyta seg itl kommunalt vass- og avlaupsnett, direkte eller via private felles leidningar, eller melda i frå om endringar som vert gjort på innvendige sanitæranlegg og utvendige VA-anlegg.

Sanitærmelding skal nyttast ved tilknyting til kommunalt VA-nett, rehabilitering av VA-anlegg, ombygging som medfører nye bu/brukseiningar, fråkopling av VA-anlegg, lekkasje, montering av vassmålar, tilbakeslagsventil o.l.

Søknad skal godkjennast av Stord kommunalteknikk før arbeid vert sett i gong. Det skal sendast inn ferdigmelding etter at arbeidet er utført.

Meld inn elektronisk

Stord kommunalteknikk tilbyr ei elektronisk løysing for:

  • tilknyting/utbetring av sanitæranlegg
  • innvendige sanitærinstallasjonar

Rettleiing

I den elektroniske tenesta kan du:

  • fylla ut søknad
  • teikna direkte inn i leidningskart
  • sjekka status i sanitærsaka di
  • senda ferdigmelding

Tenesta gir deg god oversikt over kva for søknader som er sendt til oss, om søknadane er godkjent og om ferdigmelding er levert.

Alle føretak loggar seg på portalen med eige brukarnamn og passord. Du får då tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker.

Her kan du logga på

Ny brukar?

Dersom du ikkje har brukt løysinga før, kan du registrera deg som ny brukar. Du vil då få tilsendt brukarnamn og passord på e-post frå Geomatikk. Tildeling av nytt brukarnamn og passord kan ta litt tid (om lag ein virkedag).

Reglement

Support

Supporttelefon for Kundeportalen GeoMelding:

Telefon: 810 33 400 tast 2
E-post: support@geomatikk.no