Gravehenvending for kabelpåvising for private
Før det vert sett i gong graving må den som graver få klarsignal eller påvisning. Geomatikk har oversikt over registrerte VA-leidningar i graveområde.
- Meld inn prosjektet til Geomatikk her. Du får melding frå Geomatikk når du treng påvisning frå Eining for tekniske tenester.
Som følgje av aukande mengd kablar i bakken og auka anleggsaktivitet, har talet på uhell i samband med anleggsarbeid i bakken stige dei siste åra. Kabelpåvising er pålagt for å unngå slike uhell og skadar.
Pålegget om kabelpåvising gjeld også dersom du skal grava på eigen grunn.
Ta kontakt for å førebyggja skadar. Det er den som skal grava som har ansvaret.
Erstatningsansvar ved graveskader
Store verdiar ligg i bakken, mellom anna straum- og datakablar, og røyr for vatn og avløp. Skadar på desse kan medføra erstatningsansvar for til dømes:
- tap grunna avbrot i straumleveranse
- reparasjons- og materialkostnader
Slik får du utført kabelpåvising
Geomatikk utfører på vegne av leidningseigarane teneste for gravehenvendelse/kabelpåvising.
Dei har utarbeidd løysingar for koordinering av kabelpåvising for straum, fiber, tele, vatn og avløp.
Dette medfører at du som kunde kan ringa 915 09146 for å få koordinert påvising av kablar i graveområdet.
Tenesta er gratis i opningstida.
Ved gravehenvendelse for kabelpåvising treng me følgjande opplysingar:
- Kvar du ønskjer påvising, frå/til adresse (ev. gards- og bruksnummer), skildring av staden
- Namn på kontaktperson
- Telefonnummer kontaktpersonen kan nåast på
- Namn på firma som skal grava
- Dato du ønskjer kabelpåvising
Ta gjerne med annan informasjon du trur kan vera relevant.
Graveløyve og kabelpåvising for entreprenørar og røyrleggjarar
Det skal søkjast om arbeids- og graveløyve dersom ein skal utføra arbeid i/ved kommunal veg-/gategrunn og eigedom.
Før det vert sett i gong arbeid i/ved kommunal veg-/gategrunn og eigedom må du søkja løyve. Samt ved varsling og sikring av arbeid på og ved veg. Husk å levera gravehenvending/påvisning i kundeportalen i tillegg!
Søknad skal godkjennast av Eining for tekniske tenester før arbeidet vert sett i gong. Det skal sendast inn ferdigmelding etter utført arbeid.
Søk elektronisk
Stord kommunalteknikk tilbyr elektronisk løysing for:
- gravesøknad
- gravehenvending for kabelpåvising. Gjennom denne tenesta får du påvising av mellom anna straum- og datakablar og røyr for vatn og avlaup.
Ved graving i kommunal veg eller eigedom
Dersom du planlegg graving i kommunal veg eller eigedom skal du levera både gravesøknad og gravehenvending for kabelpåvising. Kabelpåvising kan først utførast når gravesøknaden er godkjent. Hugs difor å be om kabelpåvising via Gravehenvending når du har fått gravesøknaden godkjent.
Ved graving i privat grunn
Ved graving i privat grunn treng du ikkje å levera gravesøknad. Du er likevel pålagt å få utført kabelpåvising. Be om kabelpåvising gjennom tenesta gravehenvending.
Rettleiing
I den elektroniske tenesta kan du:
- fylla ut søknad
- teikna direkte inn i leidningskart
- sjekka status i gravesøknadane dine
- senda ferdigmelding
Tenesta gir deg god oversikt over kva for søknadar som er sendt til oss, om søknadane er godkjent og om ferdigmelding er levert.
Alle føretak loggar seg på portalen med eige brukarnamn og passord. Du får då tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker.
Her kan du logga deg på tenesta
Informasjon om krav til sanitærmelding, gravesøknad og graveførespurnadar
- Informasjon til brukarar av kundeportalen GeoMelding
- Informasjon om graveprosessen
- Samordna teneste for sanitær- og gravemelding i Stord kommune
Ny brukar?
Dersom du ikkje har brukt løysinga før, kan du registrera deg som ny brukar. Du vil då få tilsendt brukarnamn og passord på e-post frå Geomatikk. Tildeling av nytt brukarnamn og passord kan ta litt tid (om lag ein kvardag).
Reglement
Den som utfører graving i kommunal veg eller eigedom er ansvarleg for at gjeldande retningslinjer vert følgt:
- Retningsline for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg i Stord kommune
- Retningsline for arbeidsvarsling
Erstatningsansvar ved graveskadar
Som følgje av aukande mengd kablar i bakken og auka anleggsaktivitet, har talet på uhell i samband med anleggsarbeid i bakken stige dei siste åra. Kabelpåvising er pålagt for å unngå slike skadar.
Store verdiar ligg i bakken, mellom anna straum- og datakablar, og røyr for vatn og avløp. Skadar på desse kan medføra erstatningsansvar for til dømes:
- tap grunna avbrot i straumleveranse
- reparasjons- og materialkostnader
Det er den som skal grava som har ansvaret.
Support
Supporttelefon for Kundeportalen GeoMelding:
Telefon: 810 33 400 tast 2
E-post: support@geomatikk.no
Arbeidsvarsling
Søknad om arbeidsvarsling på kommunal veggrunn
- Før du arbeider i, nær eller inntil offentleg veg må du ha fått løyve (arbeidsløyve)
Kva blir rekna som kommunal veggrunn?
Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalde av Stord kommune.
Kommunal veggrunn er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg.
Kva aktivitet er søknadspliktig?
I tillegg til graving er andre typiske aktivitetar som er søknadspliktige m.a. stillasarbeid, konteinarar, kraning, vask av vindauge, riggområde, arrangement og tilstellingar på offentleg grunn.
Søknad
Alle søknader om graving- og arbeidsvarsling til Stord kommune kan søkjast om via leidningsportalen til Geomatikk:
Grave- og arbeidstillatelse - Ledningsportalen
Krav og retningsliner til varsling og sikring ved arbeid på og ved veg, finnes i håndbok N301.