Norma Vågstøl, klinisk spesialist i familieterapi og seniorrådgiver​ ved RKBU Vest, snakka om at tryggleikssirkelen i barnehagen er å forstå barnet innanfrå i eit tilknytningsperspektiv​.

Anita Skogstrand, barnehagelærar/spesialpedagog og seniorrådgiver ved RKBU Vest,​ fortalte om barn sine relasjonar i barnehagen: Barn-barn, vaksen-barn og vaksen-vaksen relasjonane​. 

Del av prosjekt

Fagdagen er ein vidareføring av COS prosjektet som til no har handla om implementering av foreldrekurs til alle med barn mellom 10 mnd. og 10 år i Stord kommune. Alle dei kommunale barnehagestyrarane har gjennomført COS (tryggleikssirkelen) kursholdersertifisering, og no var det alle dei tilsette sin tur til å bli kjent med Tryggleiksirkelen, og sirkelen sine kjerneprinsipp; tryggleik, tilknyting og relasjon. Dette er kjerneverdiar barnehagane vil byggja sin pedagogikk på. Visjonen er at alle barn og føresette i Stord kommune skal bli møtt med denne relasjonelle tilnærminga.

Barnehagane brukte sine 2 planleggingsdagar om dette temaet. Dag 1 var fagdagen der alle var samla i kulturhuset, og på dag 2 var det gruppearbeid i den enkelte barnehage.

COS betyr Circle of Security, eller Tryggeikssirkel på norsk. Les meir om Trygglikssirkelen og foreldrerettleiingskurs her