Besøksheim
Vil du støtte familiar med særlege behov ved å vere besøksheim for barn eller ungdom?
Å vere besøksheim inneber at du tek imot born eller ungdom éin eller fleire helgar per månad. Det er viktig at du er ein trygg og stabil vaksen som har husrom og hjarterom. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Han skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.
Kommunen vil oftast avertere etter besøksheim når det er behov. Du kan òg vende deg til kommunen på eige initiativ.
Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å vere besøksheim. Det blir lagt størst vekt på kor eigna du er som person. Du kan gjerne ha eigne born.
For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Ein kan krevje politiattest også frå andre som bur eller oppheld seg i heimen.
Fritidskontakt
Barneverntenesta treng kontinuerleg nye fritidskontaktar, både på Bømlo, Fitjar og Stord.
Som fritidskontakt kan du bidra til å hjelpe eit barn eller ein ungdom til ei meiningsfull fritid og til eit rikare sosialt liv. Du kan bidra til å styrke barnet sine fritidsinteresser og sosiale nettverk.
Kven kan bli fritidskontakt?
Me ønskjer deg som har evne til å sette i gong aktivitetar og finn glede i å vere saman med barn/ungdom. Du bør vere ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evna til å samarbeide. Det er ingen krav til fagutdanning for å vere fritidskontakt, men det vert lagt vekt på at du er personlig eigna.
Krav:
- Du er 18 år eller eldre
- Politiattest
- Fint viss du har sertifikat og mulighet for å disponere bil
Interesser, alder, kjønn og personlegdom er viktig når me prøver å koble fritidskontakt og barn/ungdom saman.
Kva forventar me av deg?
- At du har tid til å møte barnet/ungdommen minst 2-3 timer i veka
- Me ønskjer at du skal binde deg for minst 1 år - stabilitet er viktig for borna og ungdommane.