Fredag 17. juni 2011: I dag er dei i Oslo
Med seg til rådhuset hadde dei modellen av det flytande offshore-tårnet med innebygd vass- og vindmølle. Resten av klassen stilte som publikum. Dei fire vinnarelevane synte fram modellen og fortalde om det innovative konseptet sitt.
Til Oslo for å ta i mot prisen
I mars vann elevane frå Leirvik skule fylkesfinalen på VilVite i Bergen. I mai stakk dei altså av med sigeren i landsfinalen i Oslo. Fredag 17. juni drar vinnarlaget til Oslo for å ta i mot SMARTing-prisen 2011.
Berre i Sunnhordland var det 450 elevar som i vinter gjennomførte prosjektet SMARTere Energi i regi av Ungt Entreprenørskap og skulane. Kværner Stord og Stord kommune hadde levert problemstillinga til Stordelevane.
Juryen si grunngjeving
– Gruppa har levert eit grundig arbeid, og ein flott presentasjon. Dei viser at dei har reflektert godt rundt dei elementa som inngår i vatn- og vindmølleoppfinninga. Dei har også ein god struktur og faktadel i presentasjonen sin, skreiv juryen.
På andre plass i landsfinalen kom elevar frå Hillestveit skule på Bømlo.
Bildet: Vinnarlaget med modellen framfor resten av femteklasse frå Leirvik skule etter vitjinga i kommunestyret.
På vinnarlaget, frå venstre:
Line Fadnes
Emma Hinderaker Pedersen
Lars Hystad Aadland
Morten Haraldsen