Det seier fredskorpsdeltakarane Azucena López og Charles Perén. Dei to har budd og arbeidd på Stord i eitt og eit halvt år. Måndag denne veka hadde ordførar Liv Kari Eskeland invitert dei to til rådhuset for å fortelja om opphaldet.
Mange aktivitetar
López og Perén har vore engasjert i mange ulike aktivitetar. Azucena har arbeidd med idrettsaktivitetar og dans. Ho har mellom anna delteke i organiseringa av både handballfestival, puttefestival og fotballskule, og vore hjelpetrenar i fotball og volleyball. I tillegg har ho hatt danseundervisning og gymtimar ved Stord vidaregåande skule.
Charles har hatt det meste av arbeidet sitt i kulturskulen, der han både har observert og assistert i undervisninga. Både Azucena og Charles har i tillegg vore engasjert i forebyggjande ungdomsarbeid, mellom anna gjennom utekontakten og fritidsklubbar.
Gjorde sterkt inntrykk
Dei to er einige om at arbeidet i Utekontakten og onsdagsklubben (ein fritidsklubb for unge og vaksne med utviklingshemming) var spesielt interessant.
– Onsdagsklubben har gjort sterkt inntrykk. Det er veldig givande fordi dei som går der er så fulle av kjærleik, fortel Azucena.
Draumen er å få til eit liknande tilbod heime i Comalapa, legg ho til.
Vil jobba med ungdom i Comalapa
Blant dei inviterte gjestene i rådhuset var også varaordførar i Comalapa, Egberto Corona, og representant frå ungdomskontoret Carlos Fernando Mux. Dei to har vore på Stord denne veka for å bli kjent med arbeidet som Azucena og Charles her på Stord.
Når López og Perén no reiser heim til Comalapa håpar dei å få til eit samarbeid med kommunen om førebyggjande aktivitet for ungdom.
Varaordførar Egberto Corona var innstilt på at Comalapa kommune skulle nyttigjera seg erfaringane til Perén og López.
Utvekslingsprosjektet i regi av Fredskorpset vert avslutta med Azucena López og Charles Perén sitt opphald. No skal prosjektet evaluerast for å finna ut kva som er oppnådd med utvekslinga. Stord og Comalapa har deretter høve til å søkja på nytt.
Bildene:
Øvst: Azucena López, Stordordførar Liv Kari Eskeland og Charles Perén.
Nedst: Ordførar Liv Kari Eskeland flankert av ungdomsarbeidar Carlos Mux (t.v. ) og varaordførar Egberto Corona frå Comalapa.