Leirvik avlaupspumpestasjon vann pris for beste prosjekt i Vestland fylke i år. Dei var nominert som eitt av 3 prosjekt.
Det er stor stas å bli belønna for godt arbeid. Me fekk høyra at det vart lagt vekt på at prosjektet var fint utforma, passa fint inn i terrenget rundt stasjonen og at stasjonen la til rette for eit reint og godt arbeidsmiljø for dei som skal jobba der, seier einingsleiar Arne Bjelland.
Midt i Leirvik sentrum, mellom bustadblokk, Amfi-senteret og sterkt trafikkert fylkesveg, har me bygd Leirvik avlaupspumpestasjon. Lågaste punkt er 10 meter under gateplan, 6 meter under havoverflata.
Pumpestasjonen tek hand om hovudmengda av avlaupet i området mellom Bjelland og Ås. Stasjonen pumpar avlaupsvatnet vidare til reinseanlegget på Djupaviksneset avløpsreinseanlegg. På det meste pumpar stasjonen kring 200 liter per sekund med avlaupsvatn.
Bygget er teikna av Robert Lange/Nordconsult AS.
Stord kommune vann same pris i 2018, då for avlaupsreinseanlegget på Skjersholmane.