Prisen, som består av ein diplom og 5.000 kr, vart delt ut på regional konferanse for eldremedisin - SESAM-konferansen i Stavanger.
Linda Buettner var ein amerikansk professor i rekreasjonsterapi. Ho har vert ein foregangsfigur for det praksisnære arbeidet og for betydinga av positive aktivitetar i kvardagen.
Prisen skal bidra til "Den gode dagen" for personar med demens gjennom å framheva og dela enkle, kreative, morosame, nære, kjærlege og smarte - altså gode tiltak for personar med demens.
Liv Astrid Fylkesnes sende inn skildring av Backertunet sitt tiltak til "Den gode dagen" som vart stemt fram som vinnar av publikumsprisen.
Katt som trivselstiltak
Hausten for 5 år sidan flytta kattungen Kari-Kari inn på sjukeheimen til stor glede for bebuarane.
Dei tilsette opplever kvar dag at pasientar som har mista språket sitt, snakkar med Kari-Kari. Pasientane er oppteken med å klappa, beundra og ta vare på katten. Når dei er ute, er katten rundt dei til stor glede for pasientane. For pasientar som er urolege og engstelege, opplever dei at katten har god effekt.
Katten har blitt ein naturleg del av alle arrangement som foregår på sjukeheimen, og har blitt ein kjær medarbeidar. Ofte er ho det dei kaller for "stovevakt". Ho er eit trivselstiltak for pasientar med ulik demenssykdom.
Avdeling Backertunet, som var oppretta for 10 år sidan, har 21 plassar fordelt på fire grupper.
Bilete øvst: Liv Astrid Fylkesnes og Gerd Turid Nygård.
Bilete nedst: katten Kari-Kari