Det var dagleg leiar Endre Sørstrømmen og styremedlem Øyvind Jørgensen som tok i mot prisen på vegne av Stord Innkvartering.Næringsprisen 2015 vart delt ut på Stord Næringsråd sin årsfest 22.oktober.

Det var tre flotte finalistar som kjempa om den gjeve prisen;

- Salt Ship Design v/Arne Stenersen

- Stord Innkvartering v/Leif Trygve Nilsen

- Bømlo Brønnbåtservice v/Geir Agasøster

Tre verksemder som alle har si forretningsadresse i Leirvik på Stord, men som alle stort sett har kundane sine utanfor øyo.

Vinnaren

Det var Stord Innkvartering som gjekk av med sigeren og vart tildelt Næringsprisen 2015 med følgjande grunngjeving:

Stord Innkvartering er ein aktør som gjennom mange år har bygd seg opp som ein av landets største i sin bransje.

Har spisskompetanse

Dei har utvikla spisskompetanse innafor modulbasert utleigeverksemd, og har fått fleire bein å stå på med kundar i det offentlege, m.a. Forsvaret, i tillegg til oljerelatert og annan industri. Stord Innkvartering har også engasjement innafor eigedom, og har i mange år hatt solide tal. Dei driv effektivt, og har ein unik kompetanse på prosjektgjennomføring.

Stord Innkvartering vinn stadig nye, store kontraktar, kor dei alltid tek med seg sine trufaste underleverandørar frå Stord.

Bilete: Det var dagleg leiar Endre Sørstrømmen og styremedlem Øyvind Jørgensen som tok i mot prisen på vegne av Stord Innkvartering. Foto: Stord Næringsråd.

Næringsprisen er

Næringsprisen 2015 er et samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.