Musikarane innleia seansen med å spela og marsjera til “Gammel jegermarsj”, og fulgte opp med kjende og kjære vår- og nasjonalsongar. Det var utdelt songhefte, men mange kunne ord for ord utanåt. Nokon song, medan andre fulgte med og vifta takta.

Det vart kaffi og prinsessestang som “premie” for vel gjennomført allsongstund, og praten gjekk blant dei besøkande i lang tid etter programslutt.

Dei som var med, kom på eige initiativ eller frå Blåbygget, sjukeheimen og Knutsaåsen, samt eldretreffet på Leirvikstova. 

Den kulturelle spaserstokken takkar for ei fin stund saman!

 

Før sommaren er det to tilbod att på programmet:

22. mai kjem Charlotte Tvedte til Blåbygget og Buneset med erindringsdialog, og 5. juni kjem Triade til sjukeheimen og Knutsaåsen. Les meir om Den kulturelle spaserstokken eller andre tilbod til eldre på Stord kommune si nettside.