Den nye vassleidninga skal sikra betre trykkforhold og kapasitet i området, i tillegg til å leggja til rette for framtidig forsyning. I området der ny leidning skal etablerast og der det allereie ligg eksisterande VA-anlegg i grunnen i dag, vil og anna kommunalt VA anlegg skiftast ut og fornyast. Dette er gjeldande blant anna for anlegg langs Nysætervegen og Utslettevegen.

 

Vidare skal deler av køyreveg og fortau utvidast i Utslettevegen, og gang- og sykkelveg erstattast med fortau i Nysætervegen.

I tillegg til ny busslomme med leskur, inkludert overgangsfelt med belysning i tilknyting til haldeplassen.

 

I samband med etableringa av nye leidningar i Utslettevegen, vil dagens fortau og køyrebane utvidast. Fortauet vil utvidast til ein breidde på 2,5 meter og køyrebana vil utvidast til 5,5 meter.

 

Den nye vassleidninga skal sikra betre trykkforhold og kapasitet i området, i tillegg til å leggja til rette for framtidig forsyning. I området der ny leidning skal etablerast og der det allereie ligg eksisterande VA-anlegg i grunnen i dag, vil og anna kommunalt VA anlegg skiftast ut og fornyast. Dette er gjeldande blant anna for anlegg langs Nysætervegen og Utslettevegen.

 

 

Oppstarts graving Vassenden veke 22/23(markert blått)

 

Arbeid Nysætervegen

Anleggsstart og vegstenging for Nysætervegen er satt til 12 august del 1 som vist på kartutklipp. Tilkomst vegen til deler av Nysæterhaugen frå FV vil verta steng ved bustad Nysæterhaugen nr. 17.

Omkøyring for biltrafikk til eigedomane vert gjennom Nysæterstølen.

 

Kollektivtrafikk

Når Nysætervegen blir stengt for anleggsarbeid køyre linje 673 Utslettevegen/Åsamyrvegen begge retningar. Haldeplassane Mosahaugen og Nysæterhaugen blir ikkje betjent. Det same gjelder haldeplassen Litlabø samfunnshus retning Sagvåg. Meir informasjon om rute endringar fin ein på https://www.skyss.no/avvik                  

 

Oppstart graving Nysætervegen 12 august

 

Anleggsarbeidet langs Nysætervegen og Utslettevegen vil pågå til sommar/haust 2026. Utførande entreprenør er Landmark Maskin AS.

Omkøyringsvegar vert skilta. Grunneigarar som særskilt blir råka vert varsla og kontakta undervegs i anleggsperioden.

 

Det vil bli sendt ut automatisk varsling i god tid før vasstenging/omkoplingar av leidningsnettet.

 

Kontaktinformasjon prosjekt

Prosjektleiar Olav Bauge

E-post: Olav.Bauge@stord.kommune.no 

Mobil: 90 72 26 71

 

Byggeleiar Guttorm Røssland

E-post: guttorm.rossland@novaform.no

Mobil: 95 11 85 30

 

SHA Koordinator Idunn Andreassen Ervesvåg

E-post: Idunn.Ervesvag@norconsult.com

Mod: 40 60 75 22

 

Entreprenør Landmark Maskin AS

Bjørnar Spissøy

E-post: bjornar.spissoy@landmarkmaskin.no     

Mobil: 95 02 66 86