Arbeidet startar i mars med medarbeidarar, tillitsvalde, brukarrepresentantar og representantar frå kommunane.

Prosjektet skal føreslå løysingar som sikrar eit framtidsretta og trygt tilbod, med god fagleg kvalitet og pasienttryggleik

Dei to fyrste prosjektmøtene for Stord og Odda blei haldne denne veka. På agendaen sto gjennomgang av kva for fakta og datagrunnlag prosjektet treng for analysearbeidet som skal gjerast.

​​I desse fyrste møtene blei sjukehusplanen og oppgåvene til prosjektet gjennomgått og kvart sjukehus gjekk gjennom status slik det ser ut i dag. I tillegg orienterte kommunane om sine tilbod og planar. Vidare drøfta ein kva av grunnlag prosjektet skal innhente for å gjere dei gode analysane vidare.

- Eg er godt nøgd med møta, det var godt engasjement og mange gode innspel på kva me treng å vite meir om for å anbefale løysingar som utviklar sjukehustenestene for framtida, og då særleg knytt til akuttkirurgi. Eg vil også seie at eg er særleg glad for engasjementet frå tillitsvalde, brukarar og kommunane som deltek i prosjektet, seier prosjektleiar Helge Bryne.

Nasjonal helse- og sjukehusplan​ er planlagd behandla i Stortinget medio mars. Det er satt ned to møter til i Odda og to på Stord, før det skal leggjast fram ein rapport for dei administrerande direktørane og styra i Helse Vest og Helse Fonna over sommaren. Agendaen for desse møtene er 1) analysar og vurderingar og 2) konklusjon og anbefalingar.

Kjelde: www.helse-vest.no