Dette er sjuande gong Forum for Oppvekst i Sunnhordland er vertskap for utanlandske skuleleiarar.
Torsdag skal dei på vitjing på Tjødnalio skule og Nordbygdo ungdomsskule i Stord kommune. Der dei skal sjå og høyra om erfaringar med elevvurdering, leseprosjekt, organisering av undervisninga og fysisk miljø,
Sunnhordland museum skal visa fram båtbyggjarprosjektet sitt som er ein del av Den kulturelle skulesekken, eit opplegg som alt har hausta internasjonal oppsikt.
Frå Stord kommune reiser og kvart år tilsette på fleire barnehagar og skular ut på liknande opplegg i Europa, og studiebesøket her er med på å knyta kontaktar og innbyr til nye prosjekt.