På MOTivator samlinga skal dei 34 ungdommane jobbe med verdiar og haldningar for å bli gode rollemodellar. Dei skal fremma mot til å bry seg, mot til å leve og mot til å seie nei til elevane på sin skule. Dei skal også ha eit opplegg med 7.klasse for å lage overgangen frå barne- til ungdomsskulen lettare.
Denne dagen markerte Bømlo kommune også verdensdagen for psykiske helse. I samband med dette var influensaren Martine Halvorsen på besøk og haldt fleire føredrag. På kvelden fekk dei unge MOTivatorane delta på det eine føredraget.
MOTivator samlinga varte frå onsdag til torsdag og ungdommane fekk overnatte på Bømlo folkehøgskule.
Me er stolte over å ha så flotte og engasjerte ungdomar på Stord.