Innsamlingsbøssene er klare og vil i løpet av helga bli plassert på plass hos Coop på Amfi-senteret, Brilleriet på Heiane Storsenter, i kiosken i Stord kulturhus og Rema 1000 i Sagvåg. Det er Aker, Leirvik og Opero som har laga innsamlingsstasjonane, noko me er veldig glade for, så ein stor takk til dei frå Stord kommune.
Minner om at det i år ikkje vil bli organisert tradisjonell bøssebæring, Stord kommune har valt å gjennomføra innsamlinga så godt som heildigital. Elevane ved Stord fokehøgskule har engasjert seg og dei kjem til å gå frå dør til dør. Utan bøsse denne gong, men med informasjon om TV-aksjonen og med ei oppmoding om å gje pengar på andre måtar.