Landåsen / Eventyrskogen

Grøn løype på 4,6 km. Høgdeskilnad: 30 – 60 moh.
Tidsbruk: Omlag 1 time.
Start og sluttpunkt: Parkeringsplassen på Vabakkjen
Turskildring: Dette er ein klassisk søndagstur som går etter ei løype som gjev deg naturopplevingar heile vegen. Turen fylgjer grusvegen inn til Landåsvatnet, der ein tek til venstre mot Skjephaugen. I neste kryss er det eit oversiktskart og skilting mot Eventyrskogen – ei unik framstilling av norske folkeeventyr langs skogsvegen. Dette er eit særskilt interessant turmål for dei aller minste. I neste kryss tek ein til høgre attende til Landåsvatnet for å fullføra rundturen.