Tilrettelagt fritid driv i samarbeid med frivillige treff for eldre to stadar i kommunen. Det eine er i Sagvåg (Buneset 11) og det andre er i Leirvikstova (Bandadalsplassen 3).
Treffet i Leivikstova er onsdagar frå kl. 11.00 til 13.30 medan treffet i Sagvåg er onsdagar frå 11.00 til 13.30.
[Treff for eldre i Buneset]
Tilbodet kostar kr. 70,- kvar gong. Dette inkluderer eit lett måltid, kaffi/te og aktivitetar som til dømes ein runde med bingo.
Det er fint om deltakarane etter kvart tek med småting til bingogevinstar.
Når det gjeld transport må kvar enkelt syta for og kosta transporten til/frå treffet sjølv.
Er dette noko for deg? Ta i så fall kontakt med Aud Jorunn Mjånes (telefon 98839604) og meld deg på.
Kjenner du nokon dette passar for må du gjerne tipsa dei.
Vel møtt!