Det er som kjent 3. etappe av Tour des Fjords som går frå Stord til Sauda. Ruta er 166 km lang og inneheld 264 meter djupt sykkelritt gjennom Bømlafjordtunellen. Sjå ruta her.
Folkefesten startar «Livehjul» og danseshow på torget. Rundt 550 skuleungdommar kjem til sentrum for å bli del av folkefesten. I tillegg kjem det ungar frå fleire barnehagar som skal vera med i barnerittet som startar klokka 12.00.
Møt verdsstjerner
På torget får du ein unik sjanse til å møte mellom anna verdsstjernene Alexander Kristoff, Edvald Boasson Hagen, Fabian Cancellera og Stijn Devolder før start Tour des Fjords, når det frå klokka 12.45 vert det innskriving av ryttarane og presentasjon av teamene frå scenen.
Det er tidenes sterkaste startfelt i Tour des Fjord som kjem til Stord den 29.mai.
Masterrunde
Starten går klokka 13.35 frå torgområdet mellom Stomas og Rådhuset. Masterrunden går ned mot Kulturhuset, gjennom rundkjøringane i Hamnegata, og opp igjen Torgbakken. Gjennom Borggata og ned igjen Skrivarvegen. Gjennom «Griserumpa», ned Sævegen, opp mot Vabakkjen og ut på E39.
Me oppmoder alle til å ha med flagg, laga liv langs ruta og bidra til folkefesten. Spesielt langs Masterrunden og opp til Vabakkjen, men også på Heiane.
Det som vert filma frå starten på Stord vert redigert i Sauda, og blir introduksjonen til TV2 si sending som startar klokka 15.30. Det vert direktesending på TV 2 og Eurosport i 64 land fram til klokka 19.00.