- Stord Næringsråd er stolt over å ha med seg fleire flotte bedrifter, og no kan me glede oss til å setja i gang førebuing til Tour des Fjords for verkeleg å setja Stord på kartet.
Saman med Stord kommune og Stord Sykkelklubb skal me rett og slett laga ein heidundrandes folkefest på Stord fredag 29. mai 2015, står det å lesa på heimesida til Stord næringråd.
Tour des Fjords på Stord i 2015
Startkapitalen på 300 000 kroner er på plass frå næringslivet. Dermed vert det sykkelritt på Stord i 2015.