- Tilskot til drenering av jordbruksjord skal auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
- Du kan søkja om tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal treng ikkje å vera grøfta tidlegare.
- Du kan søkja om tilskot til systematisk grøfting, usystematisk grøfting og avskjeringsgrøfting.
- Det er ikkje mogeleg å få tilskot til tiltak som fører til vesentleg skade for ein annan eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Kommunen må vurdere dette i sakshandsaminga.
- Eit vilkår er at du ikkje begynner å drenere før du har fått innvilga tilskotet.
Les meir og finn søknadsskjema her: Tilskudd til drenering av jordbruksjord - Landbruksdirektoratet
Har du spørsmål så ta kontakt med fagleiar landbruk.